Dette går fram av tilrådinga i sak om grensejustering mellom kommunane Vågsøy og Selje/Eid, som skal opp i fylkesutvalet komande onsdag. Det var NRK som først omtala saka.

Leiar i Bryggja bygdeutviklingslag, Øystein Hessevik, er nøgd med tilrådinga frå fylkesrådmannen.

– Med tanke på inbyggarundersøkinga (les om den saka her), er det ikkje overraskande at fylkesrådmannen kjem til denne konklusjonen. Uansett er vi sjølvsagt glade for at vurderinga er den same som eit overveldande fleirtal av folket på Bryggja, seier Hessevik til Fjordabladet.

I søknaden frå Bryggja om å bryte ut av Vågsøy kommune, heiter det at ein vil bli ein del av Eid kommune frå 1. januar 2019.

– Vi står framleis på dét, men vi har fått signal om at vi må vente til 1. januar 2020 og bli ein del av Stad kommune, seier Hessevik.

Dette er tilrådinga frå fylkesrådmannen i saka:

1. Sogn og Fjordane fylkeskommune støttar at det vert gjort ei justering av kommunegrensa for bygda Bryggja i Vågsøy kommune. Den nye kommunegrensa medfører at grunnkrinsane Totland, Bryggja og Maurstad vert flytt frå Vågsøy (Kinn kommune frå 2020) til Eid/Selje (Stad kommune frå 2020).

2. Stortinget vedtok 08.06.17 at Eid og Selje kommunar vert slegne saman med verknad frå 2020. Dei to kommunane har i dag ikkje felles grenser. Ei grensejustering som flyttar området Bryggja frå Vågsøy til den samanslegne kommunen beståande av Selje og Eid, vil føre til at nye Stad kommune vert ein geografisk samanhengande kommune.

3. Sogn og Fjordane fylkeskommune legg vekt på innbyggjarundersøkinga og det samla utgreiingsarbeidet som er gjort i tilknyting til forslaget om ei slik grensejustering.