Denne veka har Eid elektro delt ut refleksvest til 83 førsteklassingar i Eid kommune. Dette er ei årleg utdeling frå elektrofiramet. Fjordabladet var på Stårheim og fekk med seg utdeling av refleksvest der. Til stades var Robert Engeland frå Eid elektro og politibetjent Hanne Heggen. Ho prata med elevane om bruk av refleksvest, og kor viktig det er å vere synleg i trafikken. Dei elleve barna i første klasse på Stårheim skule kunne opplyse at dei allereie har slike vestar heime og kjenner godt til bruken gjennom barnehagen til dømes. Heggen sa at ein godt kan ha fleire vestar, og at det er viktig at den blir brukt, ikkje minst no når haustmørket står for døra.

Nær sytti prosent utan

Medan barna brukar refleksvest, og har fått god opplæring i barnehagen, slit dei vaksne med å få inn ein god vane med bruk av refleks. Tal frå Trygg trafikk viser at berre 31 prosent av dei vaksne brukar refleks på landsbasis. Dette er tal som kjem fram etter at Trygg trafikk er fysisk ute for å telle refleksbruk. Dei vaksne seier ofte at dei brukar refleks, men gjer det i røynda ikkje. Ein undersøkjing som TNS Gallup har gjennomført syner at heile 56 prosent av dei spurde seier at dei brukar refleks. Det betyr at rundt 25 prosent av dei vaksneskryt på seg bruk av refleks.

Står om sekund

Frå Trygg trafikk blir det opplyst at utan refleks er ein synleg på 25-30 meters hald. Medan ein er synleg allereie ved 140-meters hald ved bruk av refleks. Omrekna til sekund har bilføraren 10 i staden for 2 sekund på seg til å reagere om fotgjengar brukar refleks. Det kan vere skilnaden mellom liv og død.

Gatelys er falsk tryggleik

Frå Trygg trafikk blir det også opplyst at gatelys kan skape falsk tryggleik, og at mange trur at dei ikkje treng refleks når dei er i område med gatelys. Dette er ikkje riktig. Sjølv om fotgjengar ser bilen, ser ikkje bilisten forgjengaren. Difor er det ein billig forsikring å alltid bruke minst ein refleks når du er ute og går i mørket. Refleksdagen i år er torsdag 19. oktober. I fjor blei det mellom anna gjennomført ein reflekskonkurranse i samband med refleksdagen i Sogn og Fjordane. Vinnarane der blei Eid fotball, jenter 7 år.