Til temakvelden var generalsekretær i Norske Kvinners Sanitetsforening, Grete Herlofson, invitert for å halde føredraget «En god oppvekst varer livet ut».

– Det dreier seg om kor viktig det er at alle trør til for å hjelpe barn og unge til ein god oppvekst, ikkje berre den næraste familien, seier Herlofson, som forklarer tittelen på føredraget slik:

– Ein krevjande barndom aukar sjansen for eit krevjande vaksenliv. Derfor kan ein seie at ein god oppvekst varer livet ut.

Større forskjellar

Ho meiner at ein kan sjå ei utvikling der forskjellane mellom dei som har mest og minst blir større.

– Det å snakke om fattigdom i Norge er vanskeleg, fordi fattigdomen er relativ. Det er noko heilt anna å vere fattig i Sør-Sudan, seier Herlofson.

– Det ein kan seie heilt sikkert er at det følest vondt å falle utanfor. Til dømes kan tilgang på mobiltelefon og iPad målast som luksus, men det er faktisk viktig for å bli inkludert. Det same kan seiast om å reise på ferie. Her opplevast det like viktig for barn og unge å kunne vise til at ein har vore på ferie, som sjølve opplevinga av ferien. Kort sagt er det viktig å ikkje vere annleis, seier Herlofsen.

Mindre tilgjengeleg

Ho viser også til at mange ikkje har råd til å delta på dei aktivitetane dei ønskjer.

– Kostnadene gjer at det ikkje er like tilgjengeleg som før. Dette er noko som kan vere meir synleg på bygda enn i dei større byane, då samfunna er mindre og meir gjennomsiktige. Såleis kan stigmaet vere sterkare på bygda, meiner Herlofsen.

Etter innlegget kom det innspel frå helsesøstertenesta, og ein drøfta korleis ein ved lagspel i lokalsamfunnet kan bidra til å skape betre oppvekstvilkår.

– Eit vesentleg poeng er at alle kan bidra med sitt. Til dømes har nok mange vaksne opplevd situasjonar der andre barn manglar pengar til å kjøpe seg ei pølse, eller kva det måtte vere, slik at dei blir ståande utanfor. Her går det an å hjelpe til, utan å lage noko stort nummer ut av det, seier Herlofsen.

Ein viktig del av arbeidet til Nordfjordeid Sanitetsforening, går nettopp ut på å hjelpe barn og unge. For ikkje så lenge sidan bidrog dei med pengar frå salet av fastelavnsris, til bygging av grillhytte i Fladalen (Asbjørn-stova), eit tilbod som er ope og gratis for alle.

Medlemsauke i Nordfjordeid Sanitetsforening

Nordfjordeid Sanitetsforening har fått mange nye medlemmer i år.

Leiar Liv Stokkenes Jacobsen fortel at det nærmar seg 20 nye medlemmer.

– I år har vi fått 17-18 nye medlemmer. Dei er i alderen 35-50 år, fortel Stokkenes Jacobsen, som ønskjer å få fram at dei driv med samfunnsnyttig arbeid.

– Vi har det sjølvsagt sosialt og kjekt når vi er i lag, men det grunnleggande for oss er å bidra positivt til lokalsamfunnet, seier ho, og legg til at overskotet av salet av fastelavnsris går til lokale tiltak.

Generalsekretær i Norske Kvinners Sanitetsforening, Grete Herlofson, fortel om stor medlemsvekst også nasjonalt.

– Vi hadde nesten ikkje nyrekruttering fram til 2015. Då bestemte vi oss for å ta grep, ikkje minst med utviding av aktivitetane. Sidan 2015 har vi årleg fått fire tusen nye medlemmer, der gjennomsnittsalderen er 52 år, fortel Herlofson.

Ho opplever at stadig fleire kvinner ønskjer å bruke av fritida si på samfunnsnyttig arbeid.

– I tillegg til å drive samfunnsnyttig arbeid, får ein bevisstheit om likestilling, vald mot kvinner og unge kvinner og psykisk helse, seier ho.

Alexa Rogdo Melheim (t.v.) og Eline Jacobsen Lillestøl underheldt med tre eigenkomponerte låtar. Foto: Yngve Tolaas