Krogsæter er ein av sju i det nye utvalet som skal sjå på regelverket for grunnopplæringa og foreslå ei ny opplæringslov.

– Dette er ei anerkjenning av henne, og den jobben ho har gjort både som rådmann og som tidlegare  skuledirektør i Sogn og Fjordane. Ho har erfaring med å drive skule. Det er fantastisk at ho er tatt ut til å vere med på dette, og det er bra for oss som driv skule i distrikta, kommenterer Eid-ordførar Alfred Bjørlo.

20 år sidan

Det er meir en 20 år sidan opplæringslova vart vurdert heilskapleg, og lova er blitt endra i snitt meir enn éin gong kvart år sidan lova var ny. Det er også gjennomført fleire reformer og andre tiltak.

– Tida er inne for ein heilskapleg gjennomgang. Vi må sjå på heile regelverket på nytt for å styrke arbeidet med å utvikle kvalitet i skulen. Vi må ha ein god balanse mellom krav og mål på den eine sida, og lokal handlefridom på den andre sida. Regelverket må fungere godt, samtidig som det gjev rom for nødvendig skuleutvikling, seier kunnskapsminister Henrik Asheim i ei pressemelding.

Utvalet som no er utnemnd har fått eit breitt mandat til å gå gjennom regelverket som gjeld for skulen og å foreslå ei ny opplæringslov.