Saman med Rogaland, har Sogn og Fjordane nest lågast sjukefråvær i landet. Berre Oslo med 4,2 prosent er lågare.

– Sogn og Fjordane har ei eldre befolkning enn landsgjennomsnittet, og eldre arbeidstakarar har høgare sjukefråvær enn yngre. På denne bakgrunnen er det svært positivt at sjukefråværet i Sogn og Fjordane er såpass lågt, seier direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes.

Blant kvinner har sjukefråværet auka frå 5,8 prosent i 2. kvartal i fjor til 6,0 prosent i 2. kvartal i år. Blant menn har sjukefråværet gått ned frå 3,8 til 3,5 prosent.

Høgast sjukefråvær innan helse og sosial

Sjukefråværet er høgast innan helse- og sosialtenester med 6,7 prosent. Deretter følgjer forretningsmessig tenesteyting med 6,1 prosent og bergverksdrift og utvinning av olje og naturgass med 6,0.

Helse- og sosialtenester har ein auke på 2,3 prosent frå 2. kvartal i fjor, mens industri har ein reduksjon på 2,9 prosent.

Positivt for dei yngste

Personar i aldersgruppene 16-19 år og 50-54 år har størst nedgang i sjukefråværet (-38 prosent og -11 prosent). Aldersgruppa 25-29 år har størst auke i sjukefråværet med 15 prosent. Det er ein klar tendens at sjukefråværet er lågast i dei yngste aldersgruppene og høgast i dei eldste.

Størst reduksjon i Solund

Solund, Jølster og Hornindal (høvesvis -33, -25 og -14 prosent) er dei kommunane som har størst reduksjon i sjukefråværet frå 2. kvartal 2016. Leikanger har størst auke (47 prosent). Aurland har lågast sjukefråvær med 3,1 prosent. Deretter kjem Jølster og Hornindal med høvesvis 3,5 prosent og 3,6 prosent. Askvoll og Leikanger har høgast sjukefråvær (5,9 prosent og 5,8 prosent).

Auka bruk av gradert sjukemelding

Prosentdelen med gradert sjukemelding har auka frå 28 til 30 prosent frå 2. kvartal 2016 til 2. kvartal 2017. På landsnivå er prosentdelen graderte uendra på 27 prosent. 34 prosent av kvinnene i Sogn og Fjordane har ein gradert sjukemelding, mot 23 prosent av mennene.

Legemeldt sjukefråvær i Sogn og Fjordane. Sjukefråværsprosent 2. kvartal 2016 og 2. kvartal 2017
Prosent 2. kvartal 2016Prosent 2. kvartal 2017Endring frå 2016 til 2017
I alt4,74,70,5
1401 Flora5,25,43,5
1411 Gulen4,24,55,8
1412 Solund8,25,6-32,5
1413 Hyllestad5,15,22,6
1416 Høyanger4,64,85,0
1417 Vik5,75,3-6,7
1418 Balestrand3,84,210,6
1419 Leikanger4,05,846,5
1420 Sogndal4,34,0-7,6
1421 Aurland3,23,1-2,6
1422 Lærdal4,75,18,5
1424 Årdal4,03,8-5,0
1426 Luster3,94,923,0
1428 Askvoll5,95,9-1,0
1429 Fjaler3,84,621,3
1430 Gaular5,15,610,5
1431 Jølster4,73,5-25,0
1432 Førde4,54,50,0
1433 Naustdal5,55,1-7,2
1438 Bremanger4,45,728,8
1439 Vågsøy5,95,4-8,0
1441 Selje4,84,5-5,5
1443 Eid5,44,9-8,4
1444 Hornindal4,23,6-14,1
1445 Gloppen3,83,81,0
1449 Stryn4,54,3-3,8