–Også denne gongen vil vi ha gateløp og motbakkeløp til inntekt for aksjonen, seier Torill Eide Tennebø som ikkje legg skjul på at ho ønskjer seg mange Eidarar i Måløy på laurdag når går Rosa Sløyfe-aksjonen går av stabelen og byen blir full av aktive barn, unge og vaksne.

Samarbeid

Torill Eide Tennebø ved Måløy Treningssenter samarbeider med Brystkreftforeininga i Nordfjord om å arrangere Rosa Sløye-aksjonen. For 6. året på rad blir det gateløp og motbakkeløp til inntekt for aksjonen.

– Vi legg Rosa sløyfe-dagen til førstkommande laurdag for å unngå at arrangementet kolliderer med haustferien. På den måten får vi fleire aktive denne dagen i slutten av september, og fleire som støttar Brystkreftforeininga, seier ho.

Tennebø håper at mange Eidarar tek turen til Måløy for å vere aktive for ei god sak.

–Dei som har lyst, kvinner, menn, gamle og unge, kan bli med på Rosa sløyfe-løp i sentrum av Måløy. I dette løpet kan du gå, springe eller sykle så mange rundar som du sjølv vil. Dersom du ønskjer ei større fysisk utfordring kan du delta på Veten Opp, forklarer Tennebø og legg til at dette er eit motbakkeløp som går frå torget i sentrum til Veten 615 m.o.h.

–Det vil seie eit løp på 3,26 kilometer.

Fakta om Rosa Sløyfe-aksjonen

* Rosa Sløyfe er ein internasjonal folkebevegelse, og i Noreg står Brystkreftforeininga og Kreftforeininga saman om aksjonen.

* Målet med Rosa sløyfe-aksjonen er å vise solidaritet med brystkreftramma, spreie informasjon og å auke kunnskapen om brystkreft.

* Rosa sløyfe-aksjonen blir markert verda over kvart år i oktober.

* Tema for året er seinskadar etter brystkreftbehandling.

Veten opp: I tillegg til gateløp i sentrum er det også høve til å delta i det 3.6 km lange motbakkeløpet Veten Opp. Foto: Privat