Eit vogntog hadde overlast, og fekk 8.750 kroner i gebyr for dette. I tillegg måtte køyretøyet lastast om til lovleg vekt før det fekk køyre vidare.

Ein lastebil mangla pålagt bombrikke, og fekk 8.000 kroner i gebyr.

Til saman vart 36 køyretøy kontrollerte i tungtransportkontrollen på Kjøs i dag. Dette var dei andre reaksjonane frå Statens vegvesen:

  • Ein bileigar fekk gebyr for ikkje å ha med vognkort under køyring

  • Ein førar fekk mangel på knust frontrute.

  • Eit vogntog hadde feil på ABS-systemet på bremsene, og fekk køyre til verkstad for reparasjon.

  • To førarar måtte fjerne gjenstandar i frontvindauge før vidare køyring.

  • To førarar fekk åtvaring for brot på køyre- og kviletida.

  • Ein sjåfør hadde både sitt eige sjåførkort og sjåførkortet til ein annan sjåfør ståande i fartsskrivaren. Sjåføren vert meld, og sjåførkortet til den andre sjåføren vert inndrege.