På styremøtet i VAKN AS den 22. august vart det vedtatt at styret melder frå til eigar om at selskapet ikkje har driftsmidlar lenger enn til og med november månad 2017. Vidare at styret ikkje har lukkast med å sikre vidare drift. På denne bakgrunn kallar styret, i samråd med eigar (Eid kommune red. merk.), inn til ekstraordinær generalforsamling der selskapet vil bli føreslått oppløyst. Det er opp til eigar ved Formannskapet å ta den endelege avgjerda, heiter det i styret sitt vedtak.

Blir sagt opp

Styret seier vidare i sitt vedtak at dagleg leiar er informert, og at oppseiing vil bli gitt i etterkant av ekstraordinær generalforsamling. Styret opplyser om at dagleg leiar har ei oppseiingstid på tre månader, men dersom dagleg leiar finn nytt arbeid før oppseiingstida er ute vil ein finne ei høveleg løysing.

Eid kommune

Dagleg leiar varslar relevante kundar og leverandørar om avgjerdsla. Vidare i vedtaket heiter det at selskapet vil ta i vare inngåtte samarbeid i avviklingsperioden.

Avslutningsvis i vedtaket skriv styret at det er eit ynskje at Eid kommune tek hand om det økonomiske sluttarbeidet/avhendinga.

Styreprotokollen er undertikna av styreleiar Eli Førde Aarskog og styremedlemmane Arnt-Ivar Naustdal og Geir Holmen.