Alle butikkane til kleskjeda held stengt torsdag, mens bustyrar Asbjørn Løvik er i møte med leiinga på hovudkontoret i Stryn i Sogn og Fjordane. Framtida til dei 200 tilsette i selskapet er uviss, men i utgangspunktet blir dei sagt opp, ifølgje bustyraren.

– Er det nokon som har meldt interesse for å drive selskapet vidare?

– Det er fleire som har meldt interesse for aktiva (eigedelane) i selskapet. Men konkret kva den interessa består i kan eg ikkje gå inn på, seier Løvik.

– Ulike alternativ

Han vil ikkje kommentere om det er snakk om at nokon vil ta over heile selskapet eller delar av det.

– På generelt grunnlag kan eg seie at det er ulike alternativ. Det eine er sal av varelageret gjennom butikk, eventuelt at ein sel heile eller delar av aktiva samla, seier Løvik.

Inntil vidare held butikkane stengt.

– Vi jobbar no med å finne ut kva som skal skje framover. No må vi få ein skikkeleg oversikt, seier bustyraren.

200 tilsette

Fleire medium har tidlegare skrive at selskapet har 100 tilsette, men ifølgje bustyraren er det snakk om 200.

– Det er mogleg det kjem av ei misforståing og at ein har blanda med talet på årsverk. Moods of Norway har 18 butikkar med mange deltidstilsette, seier han.