Eldsjelprisen til bedrift gjekk til Eid Elektro frå Nordfjordeid. Eid Elektro viser eit stort samfunnsengasjement ved å inkludere personar som av ulike årsaker har utfordringar med å kome inn i arbeidslivet. Bedrifta er også opptatt av å ta vare på og utvikle eigne tilsette, til å følgje opp sjukmelde, og til å ta imot lærlingar. Eid Elektro vert skildra som ei «veldig open bedrift» som finn kjappe og gode løysingar, heiter det i ei pressemelding frå NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane.

– Motiverande

Dagleg leiar Ove Kjøllesdal i tok mot prisen på vegne av Eid Elektro.

– Det er med stolheit at eg tar i mot denne prisen. Dette er eit resultat av godt samarbeid innad i bedrifta og utad mot våre samarbeidspartar.  Dette hadde vi ikkje fått til åleine. Arbeidet med inkludering gir mykje til oss og dei som er inne på arbeidspraksis. Det handlar om å verdsette og å sette fokus på dei som treng det.  Hos oss har vi eit ope og godt arbeidsmiljø, og vektlegg god dialog internt og eksternt. Det er veldig motiverande å få Eldsjelpris. Ein slik pris inspirerer oss til å fortsette det gode arbeidet, sa Kjøllesdal.

Ekstra innsats

Eldsjelprisen går til personar og bedrifter som gjer ein ekstra innsats for eit meir inkluderande arbeidsliv. Prisen vart delt ut av Arbeids- og velferdsdirektør Sigrun Vågeng.

Den eine eldsjelprisen til person gjekk til Janne Steinhovden, som er HR-rådgivar i Fjord1. Janne Steinhovden speler er avgjerande rolle i Fjord1 sitt arbeid med å flytte ansvar for oppfølgingsarbeid ut til fartøysjefane. Bedrifta har brukt store ressursar på å utvikle rutinar tilpassa dei spesielle utfordringane ein organisasjon «på kjøl» har med omsyn til oppfølging og tilrettelegging. Janne har i samarbeid med konserntillitsvald teke grunntanken i IA-arbeidet på alvor og forstått at IA handlar om godt partssamarbeid og bygging av tillit.

– Eg er veldig takknemleg for prisen. Ein stor takk går ut til tillitsvalte, verneombod og leiarar. Utan eit godt samarbeid ville ikkje dette gått. Trepartssamarbeidet som IA-avtalen byggjer på er essensielt for å lukkast. Eg vil også benytte anledninga til å takke IA-rådgjevaren vår for nominasjon og eit godt samarbeid, sa Steinhovden.

– Fantastisk på inkludering

Den andre eldsjelprisen gjekk til Rune Øksenberg, som er butikksjef ved COOP EXTRA Bygg i Førde. Rune Øksenberg vert skildra som heilt fantastisk når det gjeld inkludering, han er tydeleg og løysningsorientert. Rune motiverer personar på arbeidstrening til å strekke seg for å nå eigne mål, og til å informere slik at alle tilsette kan ta del i inkluderingsarbeidet. Ved å inkludere personar i bedrifta skapar Rune eit betre og meir inkluderande arbeidsmiljø, noko som kjem alle tilsette til gode.

– Eg vart overraska over nominasjonen og er veldig glad for å vinne. Ein stor takk går til dei tilsette for støtte i dette arbeidet. Ein arbeidsgivar som gir rom for denne typen arbeid må også gjevast ein del av æra for prisen.