Onsdag ettermiddag melde styret at både Moods of Norway og Moods Wholesale AS har meldt frivillig oppbod, i følgje E24.no.

Resultatet før skatt i 2016 blei på minus 30 millionar, og dei siste tre åra har selskapet tapt 76 millionar kroner. Regnskapet per august 2017 viser ei framleis negativ utvikling, melder selskapet sjølv i ei pressemelding.

Klesprodusenten Moods of Norway vart etablert i Stryn i 2003 og grunnlagt av Stefan Dahlkvist, Peder Børresen og Simen Staalnacke.

Moods of Norway har rundt 100 medarbeidarar på kontora i Stryn og Oslo, samt 18 butikkar over heile landet. Desse vart i følgje E24.no informert om konkursen i dag.