–Eg kan stadfeste at vi har fått inn ei slik melding, og at saka vil bli etterforska av Politiet, seier regionlensmann Tormod Hvattum.

Kva er det som har skjedd?

–Meldinga går ut på at saueeigaren har kome to blodige hundar og eit daudt lam. Kva som har skjedd ut over det vil etterforskinga vise. Saueeigaren krev at dei to hundane vert avliva. I tillegg krev vedkomande erstatning for sauen/lammet, seier Hvattum som ikkje kan seie sikkert når etterforskinga vert starta og avslutta.

Skrapa for folk

–På grunn av den pågåande rettsaka mot eigarane av Selje Hotell, og sykkel-VM i Bergen er vi for tida skrapa for mannskap. Saka vil bli etterforska, men eg kan ikkje seie konkret når etterforskinga blir sett i verk og når den vert avslutta.

–Er det snakk om ein eller fleire hundar?

–Meldinga frå saueeigaren går ut på at det er to hundar som skal ha tatt livet av sauen/lammet, seier regionlensmann Tormod Hvattum til Fjordabladet.