Det var under ein tungtransportkontroll på Kjøs tysdag ettermiddag og kveld at dette skjedde. Føraren vart meld for brot på køyre- og kviletida.

Til saman vart 38 køyretøy kontrollerte. Dette var dei andre reaksjonane:

  • Tre førarar fekk skriftleg åtvaring for mindre brot på køyre- og kviletida.

  • Sju førarar måtte fjerne gjenstandar i frontruta før vidare køyring.

  • Tre førarar fekk gebyr på 500 kroner for ikkje å ha med vognkort under køyring.

  • Éin førar vart meldt for å kjøre vogntog utan gyldig førarkort.