Ungdommane har nyleg kome hit til bygda og deltek i Erasmus+ Europeisk volontørteneste. Dette er eit utvekslingsprogram for uformell læring der ungdomar frå 18–30 år frå heile Europa og tilgrensande naboland kan delta.

Dagleg leiar Astrid Grete Torheim fortel at Eid Frivilligsentral har vore vertsorganisasjon for slike utvekslingar sidan 2005. Dei har også sendt lokale ungdomar ut to gonger, noko dei gjerne vil gjere meir av.

Samarbeid

Med desse fire volontørane som starta 1. september, har Eid Frivilligsentral vore vertskap for 37 europeiske ungdomar. –I vårt lokale prosjekt samarbeider vi med Eid vidaregåande skule og Operahuset Nordfjord. I tillegg til å vere frivillige på aktivitetar saman med dei tre samarbeidande institusjonane, så deltek ungdommane også i aktivitetar i regi av andre frivillige organisasjonar i kommunen og store dugnadsarrangement som opera, Malakoff og HalloVenn. Det hender og at dei skipar til eigne aktivitetar, fortel Torheim og viser til aksjonen «Vi ryddar Eid» i regi av tidlegare volontør Barbara Barnyák.

Norsk språk og kultur

Volontørane er i Eid i 12 månader. Dei lærer norsk og dei lærer norsk kultur å kjenne. Ungdommane arbeider tett på det internasjonale miljøet i Eid og lærer såleis om kulturar frå heile verda.

– Vi prøver også å legge til rette for at dei kan oppleve og få vere med på det som er særeige for Eid. Etter kvart som prosjektet skrid fram er det også meininga at volontørane skal få vise oss eidarane kultur og haldningar frå sitt heimland, fortel Torheim.

Torheim har vore dagleg leiar for Eid Frivilligsentral sidan oppstarten i 1996. Den gongen var sentralen kommunal. I 1999 vart Eid Frivilligsentral ei stifting. Sentralen er i stor grad finansiert av offentlege midlar. Styret gjorde i juni eit vedtak der dei tilrår at frivilligsentralen blir ei kommunal avdeling, lagt til kultur.

I Selje har ein ikkje frivilligsentral, og rådmannen har sagt at ny organisering vil bli sett i samanheng med prosjekt Stad 2020 som førebur samanslåing av dei to kommunane.

Kan bli kommunal

Stiftinga Eid Frivilligsentral har tidlegare fått statleg tilskot og kommunalt tilskot, men no får kommunar som har frivilligsentral særskilt fordelte midlar, som vil bli baka inn i rammetilskotet.

Dagleg leiar Astrid Grete Torheim er positiv til å setje seg ned saman med Eid kommune med tanke på kommunal drift og diskusjon om kva slags funksjon dei skal ha. Ho seier at Eid Frivilligsentral ønskjer å halde på omtrent slik som dei gjer i dag, med kontor på gateplan i sentrum. Dei har jobba mykje for at det skal vere lågterskel å ta turen innom, og det fungerer godt slik lokaliseringa er no.

Frivilligsentralen i Eid har mange funksjonar, mellom anna hjelper dei folk i gang med aktivitetar, dei server lag og organisasjonar, er bindeledd til kommunen og får enkeltpersonar til å engasjere seg.