Sara Røe er utdanna psykolog frå Eötvös Loránd University i Budapest i Ungarn, men slit med å få godkjent utdanninga si her i Norge.

– Det blir framstilt som om vi er eit trugsmål mot folkehelsa, seier ei opprørt Sara Røe. Ho peikar på at den utdanninga som ho har teke, har vore godkjent her i landet i 13 år. No har praksisen blitt endra, noko som skaper store problem for dei som har teke eller held på med slik utdanning.

Det som har vore vanleg for dei som har utdanna seg til psykolog i Ungarn er at ein har søkt og fått lisens, noko som inneber at ein jobbar inntil 3 år, med oppfølging og rettleiing, kvar veke og ein må vise god fagleg progresjon før ein får autorisasjon. – Dette er eit tiltak som også fremmer pasientsikkerheit, legg Røe til.

Ho kjenner ikkje til at det er dokumentasjon for at psykologar utdanna i Ungarn gjer ein dårlegare jobb enn andre. Men lisens for psykologar derifrå har det no altså blitt slutt på.

Fekk avslag – har klaga

Saman med om lag 60 psykologutdanna i 2016 frå Ungarn, har Sara Røe søkt Helsedirektoratet om lisens og har fått avslag. Ho har klaga, dei held på avslaget og saka er sendt over til helsepersonellnemnda.

Saka har også blitt klaga til ESA, organet som skal sjå til at EØS-regelverket vert følgt. Dette ut ifrå at det er mykje som tyder på at vedtaket er i strid med yrkeskvalifikasjonsdirektivet. Der blir det lagt opp til at ein skal ha mogelegheit til å utøve yrket sitt, med eventuelle kompenserande tiltak, til dømes lisens, sjølv om tittelen ikkje er lovregulert i det landet der ein har teke utdanninga.

Røe er oppgitt over det ho opplever som lang og uverdig sakshandsaming. Det har i søknadsprosessen vore fleire klare fristbrot, og uttalar gjennom Facebook, der Helsedirektoratet «liker» kommentarar som støtter deira sak. Og dei argumenterer mot kommentarar som kritiserer vedtaket.

Ikkje beskytta tittel

Røe tykkjer ikkje grunngjevinga som direktoratet bruker held mål, og peikar på at ein er blitt vurderte som jamgode med norske psykologar i mange år. Helsedirektoratet argumenterer med at psykolog i Ungarn ikkje er ein beskytta tittel. I Ungarn må du ha ei etterutdanning for at tittelen skal vere beskytta. I Norge er tittelen lovregulert, men det krevst mindre her enn i Ungarn for å få beskytta tittel.

Ein psykolog her i landet har seksårig utdanning, medan det Sara Røe har teke er bachelor i psykologi i Bergen og to år med master i Budapest. Ho har også tatt ei tilleggsutdanning i dialektisk åtferdsterapi.

Yrkeskarriere på vent

– Korleis skal vi få mogelegheit til å vise vår kompetanse når vi ikkje får lisens, spør Røe. Ho er frustrert over at yrkeskarrieren og mogelegheitene til vidare spesialisering no er sett på vent.

– Her sit vi med klinisk og helsefagleg kompetanse som vi blir nekta å bruke. Vi har kompetanse til å greie ut, diagnostisere og behandle. Det er mangel på psykologar og lange ventelister for å få slik hjelp. Og helseministeren har lova fleire psykologar til kommunane. Dette gjer det ekstra uforståeleg at ein vel å stramme inn når det gjeld å gje lisens for å få fleire autoriserte psykologar, seier Røe. Ho peikar også på at det må vel vere positivt med impulsar frå utlandet.

– Psykologi er eit fagområde der vi stadig må utvikle vår forståing, og utforske moglegheiter. Derfor synest eg det er skremmande at Helsedirektoratet set ein stoppar for internasjonal kompetanse. Spesielt dersom det ligg proteksjonistiske krefter til grunn for dette. Det er trass alt underleg at vi blir nekta lisens på same tidspunkt som fleire utdannar seg frå Ungarn. Sjølv om ordninga tidlegare har eksistert i 13 år.

Har endra godkjenningspraksisen

Helsedirektoratet opplyser på sine nettsider at dei har endra praksis og gjev ikkje lenger lisens til dei som har psykologiutdanning frå Ungarn (ELTE) og Polen.  Dei skriv at dei har fått avklart frå ungarske myndigheiter at mastergraden Clinical and Health Psychologist frå Eötvös Loránd-universitetet (ELTE) i Ungarn, ikkje kvalifiserer for lovregulert yrkesutøving som psykolog i Ungarn. Utdanninga kvalifiserer ikkje for utøving av kliniske oppgåver i ungarsk helsevesen utan at dette skjer i eit spesialiseringsløp. Helsedirektoratet opplyser at det er informasjon frå ungarske myndigheiter som gjorde at dei endra godkjenningspraksisen for desse søkjarane.

Kompetansehevande tiltak

På oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet sender Helsedirektoratet no ut eit brev til landets fire universitet som tilbyr profesjonsutdanning i psykologi der dei blir bedne om å beskrive mulige kompetansehevande tiltak for søkjarar som vert råka av praksisomlegginga. Formålet med tiltaka er å sikre eit kunnskaps- og ferdigheitsnivå til det som krevst i læringsmåla i den profesjonsgivande norske psykologutdanninga.  Formålet er at søkjarane på sikt skal kunne kvalifisere for autorisasjon.

Berre profesjonsutdanninga

Helsedirektoratet peikar på at det er mange som studerer psykologifag i Norge, men det berre er profesjonsutdanninga i psykologi som gir rett til beskytta tittel og autorisasjon som psykolog i Norge. Derfor er profesjonsutdanninga standard for kva slags kvalifikasjonar som må forventast frå utanlandsutdanna. Det gjelder både når utdanninga vert vurdert etter EØS-regelverket og etter reglene om jamgodheit, nødvendig kyndigheit og lisens.

– Store manglar i den ungarske utdanninga

Helsedirektoratet legg til grunn at retten til autorisasjon etter EØS-regelverket føreset enten at utdanninga kvalifiserer for lovregulert yrkesutøving som psykolog i utdanningslandet, eller at søkjaren faktisk og lovleg har arbeidd to år innan klinisk psykologi i anna medlemsstat enn Norge.

Direktoratet skriv på sine nettsider at dei fleste søkjarane med masterutdanning i psykologi frå Ungarn og Polen ikkje oppfyller nokon av desse føresetnadene, og at dei difor ikkje rett til godkjenning etter EØS-regelverket.

Direktoratet legg til grunn at manglane i den ungarske utdanninga er for store til at dei kan kompenserast med yrkespraksis under lisens i Norge. Denne vurderinga gjeld uavhengig av om bachelorgraden er gjennomført i Norge eller i Ungarn.

Kommentar frå Sara Røe:

«Norge har en Nasjonal plan for profesjonsutdanning i psykologi. Denne planen gir en oversikt over kjernekompetansen som studentene skal ha ved utdanningsløpets slutt. Samtlige psykologer fra Eötvös Loránd University (ELTE)  tilfredsstiller kravene i denne planen etter Psykologiforbundets gjennomgang. Det er viktig å få frem at ingen av profesjonsutdanningene i Norge er identiske, tvert imot er det relativt store variasjoner innad de fire universitetene som tilbyr profesjonsutdanning i psykologi. Dette gjør det vanskelig å se akkurat hva det faglige råd (de som har bistått Helsedirektoratet i jevngodhetsvurderingen) har sammenliknet den ungarske psykologutdanningen med. Siden variasjonen mellom de fire profesjonsuniversitetene er relativt store, er det også vanskelig å se hvordan Norge kan ha én gullstandard for den suverene psykolog. Utover dette vet vi også at profesjonsuniversitetene har vært bekymret for ELTE-psykologene, da vi blir stadig flere som utdanner oss fra Ungarn. Denne bekymringen har vist seg i form av at det faglige råd (bestående av representanter fra profesjonsuniversitetene) 03.11.16 skrev  følgende til Helsedirektoratet: «… Voksende gruppe av «lisens-kandidater» i økende grad beslaglegger verdifulle praksisplasser og veilederkapasitet ute i klinikkene på bekostning av studenter fra de norske profesjonsprogrammene». De har gitt uttrykk for særinteresse ved  å bryte ned lisensordningen, til fordel for å tilby  tilleggsutdanning etter studentene er ferdige i utdanningslandet. Men dette vil selvsagt koste. De ber derfor Helsedirektoratet om midler for å danne en slik ordning. Jeg mener dette vitner om åpenbar interessekonflikt.

Utdanningen fra Ungarn er solid og kvalifiserer til klinisk yrkesutøvelse, som er bekreftet av ungarske myndigheter. Utdanningens innhold har tidligere blitt vurdert som jevngod med den norske utdannelsen, hva har nå endret seg? Vi har sammenliknet forholdet mellom antall studiepoeng og arbeidsmengde/ pensum ved ELTE med norske fag, og sett at mange fag har over dobbel så stor arbeidsmengde. Selv om de gir uttelling i færre studiepoeng. Det går derfor ikke mulig å måle kunnskap på en slik måte som ikke fanger opp innhold, omfang eller dybde. I et brev fra Eötvös Loránd University (Budapest) tidligere i sommer kom det frem at fagbeskrivelsene som Helsedirektoratet har brukt for å vurdere ELTE utdanningen er både utdaterte og ugyldig. Som følge av dette faller det på egen urimelighet at Helsedirektoratet kommer med uttalelser som at «Direktoratet legg til grunn at manglane i den ungarske utdanninga er for store til at kompenserast med yrkespraksis under lisens i Norge».»

TILFLYTTAR: Sara Røe jobbar i dag som terapeut på Nordfjord psykiatrisenter. Ho er opphavleg frå Brumunddal, men flytta til Nordfjordeid saman med sambuar Rune Hofker Berg, som jobbar i økonomiavdelinga hjå Norgesvinduet Bjørlo. Foto: Anna Wuttudal