Reno Norden AS har i lengre tid vore i krise. Bankane, DNB og Danske Bank, opplyste måndag at dei ikkje vil stille ytterlegare midlar tilgjengelig for avfallsselskapet. Resultatet av dette har blitt at RenoNorden AS og RenoNorden ASA blir slått konkurs.

Nomil

Nordfjord Miljøverk IKS, har kontrakt med det konkursråka selskapet på innhenting av avfall i sju Nordfjord-kommunar.

–Det vil vert gjennomført normalt tømming av avfall i dag, tysdag 19.september, trass i konkursen til Reno Norden, seier Inge Bent Arnestad, administrerande direktør i Nordfjord Miljøverk IKS (Nomil), til fjordabladet.no.

Mellombels løysing

–Vi har fått ei førebels melding frå Reno Norden, om at deira renovatørar møter som normalt på jobb i dag, tysdag 19. september. Ut over det at avfallsinnhentinga går som normalt i dag, er det meste uklart. Nomil har ikkje eigne bilar, det trur eg at det er svært få av renovasjonsselskapa som har. For Nomil sin del betyr det at vi må bruke dagen i dag for å få klarlagt korleis  Reno Norden, og/eller konkursbuet, har tenkt å handtere situasjonen, seier Arnestad som legg til at i Nomil er det administrerande direktør og styreleiar som handterer situasjonen.

Ikkje eigne bilar

–Kva gjer Nomil dersom resultatet skulle bli at Reno Norden, som er konkurs, set alle bilane «på bakken»?

–Som sagt så har ikkje Nomil sjølv nokon eigen «flåte» som ein kan sette inn. På kort sikt må vi sjå om det er muleg å få til ei mellombels løysing med Reno Norden/konkursbuet, slik at våre abonnentar ikkje blir skadelidande, seier Inge Bent Arnestad som oppmodar abonnentane til å følgje med i media og på Nomil si nettside.