Bøsseberarane er frå 4H-klubbane på Stårheim og Hjelle, i tillegg til personar frå Eid og Gloppen demensforeining.

– Eg vil oppmode alle om å ta godt imot bøsseberarane. Dei samlar inn pengar til ei viktig sak, som kan ramme alle familiar, seier Anne-Karin Vangberg-Hjelle i Eid og Gloppen demensforeining.

– Demens er ein dødeleg hjernesjukdom. Han grip brutalt inn i kvardagen til den som sjølv har demens og for familien. Det krev stor innsats i åra som kjem før vi blir i stand til å stoppe eller bremse Alzheimers sjukdom og andre demenssjukdommar. Når ein effektiv behandling lar vente på seg, er det fordi vi fortsatt veit for lite om årsakene til kvifor demens oppstår. For å kunne utvikle ein kur må det meir kunnskap til om kva som skjer i hjernen, frå han er normal til han blir sjuk. Det er denne forskinga vi samlar inn midlar til under demensaksjonen. Demensaksjonen gir deg moglegheit til å bidra til demensforskinga.

Fleire forskarar ser det no som sannsynleg at vi vil knekke demenskoda i nær framtid, og vi ser fram til den dagen vi ikkje treng å uroe oss for demens. Men for å komme dit, må det meir forsking til. heiter det i ei pressemelding.

Søkjer aktivitetsvennar

Eid Kommune har saman med Nasjonalforeningen Eid og Gloppen Demensforeining nyleg signert avtale om oppstart av Aktivitetsvenn i Eid. I den forbindelse søker vi etter nettopp DEG som Aktivitetsvenn. Å være aktivitetsvenn er enkelt. Du treng berre å gjere noko du liker, saman med ein som har demens. Du kan gå på tur, spele spel, gå på teater, opera eller kino. Kan gå å fiske, male, hagearbeid eller berre å møtast for noko å drikke og ein prat.

Startar pårørandeskule

Hukommelseteamet i Eid kommune skal no starte opp Pårørandeskule for personer med demens. Det vil bli samlingar fire torsdagar frå 28. september. Temaene vil være sjukdomslære v/ Dr Elisabeth Bolik, advokat Jan Erik Mardal vil informere om ulike rettigheiter og moglegheiter ein har – til dømesframtidsfullmakt og verge, Hukommelseteamet fortel om tilbud i kommunen og hjelpemiddel og pårøranderepresentantar vil dele sine erfaringar med korleis det er å leve med ein dement i familien.