Det er UNU Eigedom i Måløy som planlegg bygging av elleve leiligheiter ved sjøkanten på Bryggja. Etableringa av Bryggekanten er i samarbeid med eigar Arve Aalen, og Aalen eigedom. Planen er at bustadane skal på plass i skalet til den tidlegare butikken Aalen Eft., eller Bunnpris på Bryggja. Ein butikk som no har fått nybygg ved riksveg 15. Og den tidlegare butikken ved sjøen skal no tene til andre funksjonar.

Mange er interessert

UNU eigedom vil starte opp med salet no i månadsskiftet september/oktober. Men før salstart har mange meldt si interesse, og seier dei vurderer kjøp av bustad her.

– Det er vel rundt tjue personar som har vore i kontakt med oss. Dei synest det nye bustadbygget er eit spennande prosjekt, og vurderer å sjå nærare på eit eventuelt kjøp, seier Kent Rune Bugjerde i entreprenørfirmaet UNU i Måløy. Det er også dei som har bygt Bryggen panorama i Måløy, med 27 leiligheiter, der alle bustadane blei selt ut ganske fort. No ser dei vidare innover fjorden, og vil tilby meir sjøutsikt, denne gongen midt i sentrum av Bryggja. Også ved desse bustadane kan dei tilby komfort og moderne teknologi. Bustadane blir utstyrt med moderne velferdsteknologi som kan styrast ved hjelp av smarttelefon/ipad. Det handlar om både lys og varme, der heile bustaden kan styrast ved hjelp av knappar. I golvet blir det lagt ned varmerør med energi frå fjordvarme, frå ein brønn i grunnen. Dette blir som ei varmepumpe med prinsipp vatn til vatn.

– Bustadane blir bygt for at folk kan bli gamle her. Det høver både for barnefamiliar, og dei som er litt eldre. Poenget er at ein kan bu her sjølv om ein blir eldre og kanskje mindre mobil, seier Kent Rune Bugjerde som opplyser at både folk på Bryggja, frå resten av Nordfjord, og utflytte har teke kontakt.

– Det er ikkje minst fleire utflytte frå Bryggja og området rundt som har vist interesse. Dei går kanskje med planar om å flytte heim, og så kan dette tilbodet setje desse planane ut i livet, seier Bugjerde.

Fem soverom

Bustadbygget er planlagt med tre etasjar. I den øvste etasjen blir det fire leiligheiter med heile fem soverom kvar. Her vil kvar leiligheit gå over to etasjar, med eit samla areal på 150 kvadrat. I andre etasje blir det fire leiligheiter med med to soverom kvar, fordelt på 80 kvadrat. Nederst blir det tre sokkelleiligheiter med to soverom kvar, og eit areal på 70 kvadrat. Framfor sokkeletasjen blir det bygt opp ei ny bryggje langs heile bustadbygget. Her blir det felles areal for alle leiligheitene.

Eit løft for bygda

Leiar i Bryggja utviklingslag, Øystein Hessevik, seier at utbygging av Bryggekanten på Bryggja vil bli eit løft for bygda.

– Vi ser fram mot at dette kan bli realisert. Bryggja har dei siste åra hatt ei positiv utvikling i høve til oppføring av bustadar og folk som har etablert seg her. Kjem no Bryggekanten med elleve nye bustadar, blir det eit ekstra stort pluss, seier Hessevik. Dei siste tre åra har det kome på plass nær ti nye leiligheiter, og rundt tre nye hus på Bryggja. No kan det blir endå fleire som vel å etablere seg i bygda.

– Dei siste åra har vi hatt mangel på utleigebustader, og fleire hadde kanskje flytta hit om dei fekk prøve å bu her ei tid. Men no kan det skje at eldre menneske flyttar inn i Bryggekanten, slik at vi kanskje nye generasjonar kan overta større einebustadar, trur Hessevik som også opplyser at det finst planar om etablering av eit nytt bustadfelt nordaust for skulen i bygda.

Bryggekanten vil innhalde leiligheiter over tre etasjar, der øvste del vil få bustadar med heile fem soverom. Foto: UNU Eigedom
Den er den tidlegare Aalen Eft., eller Bunnpris på Bryggja som no skal få funksjon som bustadbygg. Berre betongskalet skal brukast vidare. Foto: UNU Eigedom
Det nye bustadbygget blir plassert sentralt i sentrum av Bryggja. Foto: UNU Eigedom