Det blir kake til alle og gode tilbod i restauranten kan dei love. Det var 15. september 2007 at ekteparet starta opp med restaurant på Eid. Gjennom desse ti åra har dei blitt etablert mellom eidarar og tilreisande.

– Det var ikkje så enkelt dei første åra. Det var stille her på Eid og ikkje så mange folk kom til oss. Men dei siste to, tre åra har dette endra seg. Eid har blitt ein større plass, fleire butikkar og meir folk som kjem hit. Dette merkar også vi som har brukt mange år på å byggje opp eit godt namn for restauranten vår. No har vi mange som er fornøgd med maten og besøket, og gjerne kjem igjen, seier Chen Wei Yong som sjølv kom til Norge for 18 år sidan, kona kom for 13 år sidan.

Chen var berre 17 år, og utdanna seg til kokk i Norge. Han kjem frå byen Qionghai i Kina med rundt ein halv million menneske. Kona kjem frå Hong Kong. Mange av familien bur også i Norge, mellom anna to brør og ei søster av Chen. No har ekteparet fått to faste kokkar frå Kina, som lagar kinamat og sushi. Men Chen seier at han også kan lage norsk mat, både pinnekjøt og annan norsk tradisjonsmat.