Politiet melder at det er anmeldt eit tilfelle av kroppskrenking i Stryn i natt, fornærma er ei kvinne i slutten av tenåra og den melde ein mann i 20-åra.

Politiet melder også at dei i samarbeid med Statens vegvesen har avskilta tre køyretøy grunna ulovleg senking på bilane.

Politiet fekk også melding om ein slåstkamp i Stryn sentrum, den var avslutta før politiet kom fram.

Politiet gjev skryt til arrangørar og vakter i samband med Oktoberfestivalen i Stryn. Det har vore om lag 3500 betalande inne på festivalområdet begge dagane, og ingen episodar inne på festivalområdet der politiet måtte gripe inn. Alle ordensuroingar og valdsepisodar har skjedd utanfor festivalområdet.