Reiselivsprisen er ein del av Reiselivskonferansen frå bre til hav 2017 for Sogn og Fjordane, og skal vere symbolet på den reiselivsbedrifta i fylket som verkeleg har utmerka seg i året som gjekk, anten lokalt, nasjonalt eller internasjonalt, og har som siktemål å vere inspirasjonsfaktor for reiselivsnæringa i fylket.

Sparebanken Vest delar ut prisen på kr. 50.000 under Reiselivskonferansen frå bre til hav 2017 sin festmiddag på Quality Sogndal Hotel den 1. november 2017.

Inspirere og løfte

– Reiselivsnæringa er ein viktig del av næringslivet i fylket vårt, og vi ønskjer at denne prisen skal gå til ei bedrift som har lukkast med satsinga si, og som kan inspirere andre i fylket til å være med og løfte denne næringa vidare i årene som kjem, seier Olav Hjelle, regionbankdirektør for bedriftsmarknaden i Sparebanken Vest.

– No er det opp til publikum å stemme fram sin favoritt, og vi håper vi mottar mange gode forslag på verdige vinnarar, fortset Hjelle.

Kriterium for å delta

For å kunne delta i vurderinga må fleire kriterium oppfyllast. Desse går på berekraftig profil, økonomi, å vere samarbeidsorientert, innovasjonsgrad, marknadspotensial og profil innan adventure.

– Juryen representert ved Sparebanken Vest og delar av partnarskapet har store forventningar til årets søknadsbunke. Vi har det siste året sett mange spanande initiativ frå flotte bedrifter, som vi håper at regionen veit å setje pris på ved å nominere inn, seier Olav Hjelle.

Frist 1. oktober

Fristen for å sende inn bidrag er 1. oktober 2017. Mottakaren av prisen vil ikkje bli pålagt føringar av Sparebanken Vest og det offentlege partnarskapet, men det oppmodast til at bidraget går tilbake til bedrifta - for å fremje vidare utvikling og vekst.

Juryen

Dette er jurymedlemmar for Reiselivsprisen 2017:

Olav Hjelle og Marvel Skreien Stigen frå Sparebanken Vest. Frå Innovasjon Norge deltek Inger Merete Øygard og frå Sogn og Fjordane Fylkeskommune Ingeborg Lysne Mcevoy, medan Helene Maristuen representerar styringsgruppa for sjølve konferansen.