– Under Eidamessa har vi quiltetreff for alle som kan krype og gå. Vi vil lage til utstilling, som kan vere til inspirasjon for andre. Det vert rett og slett eit inspirasjonstreff for quiltarar, seier Ingun Vaksdal som driv Primula Design i Eidsgata. Ho sjølv likar å ha fargar rundt seg.

– Fargar er livsgivande. Det betyr alt, og eg hadde ikkje klart meg utan, seier Vaksdal.