Ein manglar vegnamn og vegadresser på dei fleste plassane i Selje kommune. Det ligg sterke føringar frå sentrale styresmakter om at vegadresser bør innførast for heile landet. Det er også eit sterkt ønskje frå Posten, ambulansetenesta, politi, brannvesenet og transportnæringa om at vegadresser vert teke i bruk.

Eit samla formannskap har allereie gått inn for at Selje kommune startar opp arbeidet med innføring av vegadresser. Kommunestyret skal handsame saka i møtet sitt torsdag. Tanken er at arbeidet skal gjennomførast som eit prosjekt og skal vere avslutta medio 2018. Planutvalet vert styringsgruppa for prosjektet, og at kostnadane med innføring av vegadresser i heile Selje kommune skal innarbeidast i budsjettet for 2018.