På vegner av Sogn og Fjordane fylkeskommune gir vegvesenet tilskot på 800.000 kroner til ny brannbil og brannutstyr i Selje.

Selje kommune får framtidig ansvar for brannberedskap i tunnel forbi Kleiva på fylkesveg 633 Årvik-Honningsvåg, og difor er det naudsynt å investere i meir utstyr.

Kommunen har per i dag berre ein kort tunnel på riksveg 618 Flatraktunnelen. Supplering av utstyr vil difor vere relativt omfattande, sjølv om dette er ein liten tunnel.

Større bil

Det nye brannutstyret skal vere stasjonert på brannstasjonen på Stadlandet, og har ei kostnadsramme på 1,5 millionar kroner. For å få på plass eit utrykkingskøyretøy med naudsynt utstyr til formålet vil ein ha behov for ei restfinansiering på 700.000 kroner.

Det skal investerast i ein Mercedes sprinter med plass til fire pluss sjåfør, med tre røykdykkarstolar der meis og flaske heng på stolen.

I tillegg vil bilen vere ustyrt med batteridrivne frigjeringststyr (klippeutstyr for bil), skumutstyr og pumpe, straumaggregat samt lysutstyr. Resterande utstyr vert å flytte frå ein Jeep 1980-modell, som no vil bli utskifta.

Naudsynt

Brannsjef Geir Petter Hatlenes påpeikar i sakspapira at dette er eit køyretøy som burde vore utskifta for lenge sidan. Køyretøyet er registrert som motorreiskap og lite eigna til utrykkingskøyretøy, og det er berre registrert for to pluss sjåfør.

– Dette vil vere ei sårt tiltrengt og rimeleg oppgradering av bil og utstyr som er naudsynt for å kunne overta beredskapen i tunnelen og utføre dei lovpålagde oppgåvene som brann og redningsvevsen er pålagt, skriv Hatlenes.

Alle oppdrag

Den nye bilen skal stasjonerast på Stadlandet, og nyttast til alle type hendingar, alt frå helseoppdrag med hjertestartar til bustadbrann.

Formannskapet i Selje har samrøystes gått inn for restfinansiering gjennom låneopptak.

Torsdag skal kommunestyret i Selje ta stilling til saka, og om kommunen skal låne 700.000 kroner.