Ideen har dei leika med lenge, og den enorma responsen på gatematfestivalen i sommar gav meirsmak.

Denne veka fekk dei nøkkelen i handa til lokalet som har stått tomt ei tid.

Utsikt

– Det er kanskje det styggaste huset i Eidsgata, men sjå den utsikta då, seier dei entusiastisk, og ser i retning Aasebøhuset. I vindauget vil dei ha sitteplassar i barhøgde, så folk kan sitte og sjå ut på livet i Eidsgata.

No er tida komen for å ta fram målarkosten for oppussing og omgjering av lokalet.

– Det blir travelt framover for å få alt i stand. Men vi gleder oss veldig, og satsar på at vi kan opne i starten av november. Det kjem mellom anna på å få alt klart i forhold til skjenkeløyve og Mattilsynet, fortel Knapskog.

Flytta

Dei tre kokkane har vore i same miljøet i fire-fem år. Tanken har vore å få til eit samarbeid.

No har Silje Øygard tatt steget, har flytta til Nordfjordeid og er klar for livet her.

– Eg har budd i by i mange år, men er frå Valdres, og hadde no lyst å flytte på bygda igjen og gjere noko anna, fortel ho, som var med under matfestivalen i sommar.

– Eg har allereie meldt flytting til Eid, har fått plass å bu og har overtatt to kattar frå han Leon. Og så blei eg veldig sjarmert av å få First Eid Kit frå kommunen, smiler ho.

Gammal draum

Knapskog har drøymt om å gjere noko meir kokkerelatert sidan han flytta heim til Eid.

– No går Minibakeriet veldig bra, og eg er klar for å ha eit prosjekt til, smiler Knapskog. Han er opptatt av å fylle opp tomme lokale i gata. No satsar dei i same lokale som Magnetmannen heldt til tidlegare, med Didriks og Aasebøhuset som næraste nabo.

– Eg har tru på gata. Suksessen til Minibakeriet er eit bevis på at folk kjem når du tilbyr noko skikkeleg. Det er også viktig for meg at vi ikkje skal konkurrere med dei som allereie er i gata, som Didriks, seier han.

Planen er å ha kveldsope torsdagar til og med søndagar.

Hekta på brygging

Øyvind Haugland får ansvaret for bryggeridelen.

– Eg berre ventar på å kome i gang, seier Haugland, som saman med Knapskog begynte med brygging for fleire år sidan.

– Det begynte som ei hobby. Etter kvart har det tatt litt av. Vi lagar godt øl i lag, smiler han.

– Vi bryggar i små mengder. Det vert ikkje noko pub dette, men at vi kan servere brygg til maten som blir servert her. Vi begynner i det små, og lagar det vi har lyst å lage av brygg og det vi synest er godt, seier han.

Heimelaga

På Aske gatemat & bryggeri vil dei servere gatemat, mellom anna steam bun burger med asiatiske smakar og fish&chips.

– Vi hentar inspirasjon frå gatemat i heile verda. Nøkkelen skal vere heimelaga, seier Øygard.

– Mange eidarar vil gjerne kose seg heime etter ei travelveke. Vi har tru på at dei er klare for å kjøpe med seg god heimelaga gatemat som dei tek med seg heim, seier Knapskog.

– I tillegg kan ein kome i restauranten vår her og bestill esesongbasert og god, heimelaga restaurantmat. Slowfood med gode sausar, seier Øygard, som vert kjøkkensjefen på nysatsinga. Dei andre hjelper til, og meir bemanning kjem alt etter kor travelt det ser ut til å bli.

– Vi er alle kokkar med lang erfaring, er fleksible og byter litt på rollene. Elles satsar vi på å bli ei lærlingedrift, seier dei.

Trur på satsinga

– Vi har tru på at denne satsinga er noko for Nordfjordeid. Eid er på veg opp, og vi trur folk er klare for konseptet vårt, seier dei.

No under Eidamessa står dei klare ved grillen i Eidsgata og serverer gatemat – ein forsmak på det ein kan vente seg frå Aske gatemat & bryggeri.

Utsikt: -Sjekk den utsikta! Her blir det fint å sitte og sjå ut mot livet i Eidsgata, synest f.v. Øyvind Haugland, Leon Knapskog og Silje Øygard. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes