– Då var stemmene talt opp, og resultatet er klart: Eg fekk ikkje fornya tillit til å sitje på Stortinget i neste periode, skriv Rotevatn på si facebook-side onsdag føremiddag.

– ALT er ikkje talt opp, altså. Men eg ser ikkje heilt korleis dei siste par skal kunne endre noko no, skriv Rotevatn i ei melding til Fjordabladet.

Storehaug tar utjamningsmandatet

Det blir 25-årige Tore Storehaug (KrF) som tar utjamningsmandatet frå Sogn og Fjordane.

– Det er for mange middelaldrande menn på Stortinget, så det er viktig å få perspektivet frå min generasjon med, seier Storehaug, som for kort tid sidan flytta heim til Sogn og Fjordane.

– I utgangspunktet er planen å bli vekependlar, men ikkje noko er endeleg avgjort. Dette er noko eg må diskutere med kona, seier Storehaug.