Bil velta på Stårheim


I halvfiretida i ettermiddag hamna ein bil utanfor vegbana og velta på Rv 15 i 70-sona like vest for Stårheim i Eid. Føraren var åleine i bilen og kom ut gjennom eit knust frontvindauge.

Politiet opplyser at bilføraren er ein mann i 70-åra. Førarkortet hans er beslaglagt. Vegen er no rydda og sak er oppretta.

NRK skriv at AMK melder at føraren har fått tilsyn av lege og er blitt dimittert.