Venstre kom seg godt over sperregrensa, og Alfred Bjørlo tek no til orde for at partiet bør søkje makt og innflyting i ei borgarleg regjering leia av Erna Solberg (H). Han meiner det er på tide med regjeringsmakt for Venstre, også om det inneber å sitje der saman med Frp.

–  Eg trur personleg at det er svært viktig å vere med og ha den daglege styringa. Eg trur ikkje det hadde vore ei dårleg løysing for landet. No er det borgarleg fleirtal, og vi bør alvorleg vurdere å søkje regjeringsmakt. Det er ein tyngre jobb å pushe prosessane frå Stortinget, seier Bjørlo. Han peikar på at det er ganske krevjande å seie at ein ikkje er ein del av ei regjering, men likevel vere medansvarleg for politikken slik ein har vore den siste fireårsperioden.

–  Venstre og Frp har ikkje akkurat vore bestevenner i alle saker. Kva må skje for at Venstre skal føle seg komfortabel i regjering saman Frp?

– Klima og miljøpolitikken er nøkkelen. Det er i klima- og miljøpolitikken mange av dei store slaga kjem til å stå. Her har ein funne halvdårlege kompromiss i siste runde, som plastposeavgifta. Eg meiner at vi bør gå inn i regjeringa for å føre ein tydeleg og offensiv klimapolitikk, å ha handa på rattet der. Å dreie innhaldet i klima- og miljøpolitikken i Venstre si retning, understrekar Bjørlo.

I tillegg trur han at Sylvi Listhaug (Frp) som integreringsminister kan vere vanskeleg å svelgje. Måten ho har forvalta dette på.

– Ho kan ikkje halde fram slik ho har gjort i valkampen, seier Eid-ordføraren.

Tydelegare distriktspolitikk

Alle dei fire borgarelege partia har gått litt tilbake nasjonalt.

–   Tyngdepunktet i politikken har blitt flytta litt meir inn mot midten, og Venstre og KrF har fått ei endå viktigare rolle enn før. Den bør vi bruke for å få ein tydlegare distriktspolitikk. Ein må ta på alvor den frustrasjonen som Senterpartiet har fanga opp. Eg er ueinig i Sp sine løysingar om at ingenting skal endrast, men eg trur likevel at dei har sett fingeren på noko som verken Arbeidarpartiet eller dei borgarlege partia har klart å fange opp, som ein stadig meir sentralisert stat, påpeikar Bjørlo.

–   Rotevatn heit kandidat

–   Ser du deg sjølv som ein del av ei borgarleg regjering som inkluderer Venstre?

–   He, he, nei eg trur ikkje at eg er heilt i favorittsjiktet. Eg trur heller at Sveinung Rotevatn er ein heit kandidat. Bjørlo karakteriserer Sogn og Fjordane Venstre sin listetopp som ein dyktig og kunnskapsrik allrounder som kan bekle det meste, frå nærings- og klimapolitikk til sosialpolitikk og utanriks.

Normalisert landskap

Når det gjeld dei lokale resultata peikar Bjørlo på at det i Eid no er eit meir normalisert politisk landskap. Sp gjorde eit godt val, men ligg omtrent som for fire år sidan. Den store skilnaden i Eid er at Høgre og Ap har gått noko fram medan Venstre har gått tilbake, men har framleis 15,4 %. Venstre ligg litt høgare på valdagen, samanlikna med førehandsrøystene, noko som kan tyde på at mobiliseringa med dørbanking dei siste dagane kan ha hjelpt litt.

Bjørlo viser til at dei føregåande vala har vore ekstremt gode for Venstre i Eid, sett utifrå at partiet på nasjonalt nivå er eit fireprosentsparti.

– Men vi er endå i særklasse den største Venstre-kommunen i Norge, for fjerde år på rad, konstaterer Eid-ordføraren. Nestemann på lista over kommunar med høg Venstre-oppslutnad er Alta, som i stortingsvalet no fekk 11,4 %.

By og distrikt

Venstre har også på fylkesplan gått litt ned, noko Bjørlo trur har samanheng med at ein har gått litt med i dragsuget av det ein kan kalle eit distriktsopprør.

Bjørlo meiner at det at Sp gjer det så bra bør vere ein alvorleg vekkjar for den borgarlege sida framover og noko ein bør ta omsyn til. Ein har fått eit tydelegare skilje mellom by og distrikt i politikken. Han peikar vidare på at Ap nasjonalt ikkje har lukkast med sin strategi om at alt går dårleg og at landet er på veg ut i ei krise, medan Sp sin bodskap om at distrikta ikkje blir sett nok, har nådd fram.