Utvikling av Eid

Det har vore ei rivande utvikling av Nordfjordeid siste åra. Berre i sentrum har det vore investert for godt over 100 millionar kroner, og meir skal det bli.

Utvidinga av Amfi Nordfjord har også gjort sitt til at Nordfjfordeid har vorte ein meir attraktiv stad å reise til for handlande. Det merkar både butikkane på Amfi og i Eidsgata. Nokre butikkar har dobla omsetninga si, og har måtta endre mykje for å få ting til å gå rundt.

Kjøpesenteret Amfi har sjølve allereie justert opp sine budsjett fleire gongar i år, og vil truleg gå langt over 300 millionar kroner i omsetning dette året. Det er over all forventing.

Det er bra at ein har klart å stoppe handelen ut av Nordfjord, og at nordfjordingane kan finne det ein treng enten ein handlar i Stryn, Måløy eller Nordfjordeid. Vi støttar lokal handel, og det gir positivt utslag også på lokale arbeidsplassar. I dag er det for eksempel fleire som er frå Vågsøy som jobbar på butikk på Nordfjordeid.

Siste tida har det vore ein diskusjon på Eid når det gjeld plassering av Biltema som er under utbygging. Vi konstaterer at denne diskusjonen kjem mange år for seint. Det har allereie i mange år vore regulert til den slags handel i dette området.

Vi har også trua på at når alt til slutt står ferdig vil området framstå som positivt og bra - med eit flott friluftsområde med badestrand, opplevingssenteret Sagastad, kjøpesenter og Biltema og leilegheitskomplekset Sagaparken Panorama - sjølv om ikkje alt ser heilt fint ut endå.