Prosjekt Stad 2020 skal førebu samanslåing av Eid og Selje til Stad kommune.

Prosjektet får si eiga heimeside og logo med ein liten fredeleg fugl i flukt.

Den skal symbolisere at ein er på veg mot noko nytt, der ein løfter blikket og ser nye mogelegheiter, vonleg med eit visst fugleperspektiv, opplyser prosjektleiar i fellesnemnda Åslaug Krogsæter.

På heimesida skal ein finne informasjon om framdrifta i prosjektet.