Deler av styret til Nordfjord Vekst, som deltok på generalforsamlinga i Måløy 10. juni i fjor. Frå venstre: Hilde Langtangen, Alfred Bjørlo, Marita Aarvik, Kåre Furnes ( litt bak), Einar-Rune Sætren, Randi Humborstad, Per-Jørgen Silden.
(Foto: Nordfjord Vekst)

Deler av styret til Nordfjord Vekst, som deltok på generalforsamlinga i Måløy 10. juni i fjor. Frå venstre: Hilde Langtangen, Alfred Bjørlo, Marita Aarvik, Kåre Furnes ( litt bak), Einar-Rune Sætren, Randi Humborstad, Per-Jørgen Silden. Foto: Nordfjord Vekst

Selje støttar avvikling av Nordfjord Vekst

Også i Selje er stemninga stor for å avvikle Nordfjord Vekst.

Formannskapet har allereie gått inn for dette, og tilrår at kommunestyret gir ordførar mynde til å stemme for avvikling av Nordfjord Vekst. Kommunestyret i Selje skal handsame saka torsdag.

Generalforsamlinga i Nordfjord Vekst har uttrykt misnøye med dagens organisering av vekstselskapet.

Rådmannen i Selje meiner det for Selje og Eid no i ein periode er viktig å sikre lokal forankring og eit tett samarbeid mellom kommunane, næringsliv og andre aktørar. For å få dette til må ein nytte ressursane optimalt og med eit tydeleg fokus på å sikre framdrift i dei større satsingane på tunnel, turisme og lokal vekst, skriv rådmannen i si saksutgreiing.

Siste nyhende

Historia om bakeria i Eid

Smørdal og Rasmussen

Historia om bakeria i Eid

M. Andersen bakeri

Historia om bakeria i Eid

Alsaker Bakeri

Storfint besøk i Selje

Laurdag morgon vakna folk i Selje opp til eit sjeldant syn.