Formannskapet har allereie gått inn for dette, og tilrår at kommunestyret gir ordførar mynde til å stemme for avvikling av Nordfjord Vekst. Kommunestyret i Selje skal handsame saka torsdag.

Generalforsamlinga i Nordfjord Vekst har uttrykt misnøye med dagens organisering av vekstselskapet.

Rådmannen i Selje meiner det for Selje og Eid no i ein periode er viktig å sikre lokal forankring og eit tett samarbeid mellom kommunane, næringsliv og andre aktørar. For å få dette til må ein nytte ressursane optimalt og med eit tydeleg fokus på å sikre framdrift i dei større satsingane på tunnel, turisme og lokal vekst, skriv rådmannen i si saksutgreiing.