To vogntog var vart vegne og funne for tunge då Statens vegvesen i dag gjennomførte kontroll på Nordfjordeid.

Ein sjåfør fekk vektgebyr på 5.600 kroner for 1.800 kg overlast, og  den andre fekk vektgebyr på 3.350 kroner for 1.300 kg overlast.

I tillegg fekk ein bilførar eit gebyr på 500 kroner for ikkje å ha med førarkort under køyring.

Det vart også skrive ut ein kontrollsetel for teknisk mangel.