No er 99,8 prosent av stemmene opptalde, og Sogn og Fjordane sitt utjamningsmandat ser ut til å gå til Tore Storehaug (KrF).

– Det ser rimeleg mørkt ut for min del, ja, seier Rotevatn til Fjordabladet.

Han er sjølvsagt ikkje nøgd med utfallet av stortingsvalet.

– For meg personleg kan eg ikkje vere nøgd. Eg er skuffa, men ikkje bitter. Eg følte at eg hadde meir å gje, og skulle gjerne hatt fire nye år på Stortinget, seier han.

Det er framleis nokre stemmer som ikkje er talde. Det endelege svaret på kven som får utjamningsmandatet frå Sogn og Fjordane, får ein truleg rundt klokka 17 i dag.

Venstre vurderer å gå i regjering

Tidlegare i dag vart det klart at Venstre vil vurdere å gå i regjering med Høgre og Frp, i følgje NRK. Då Fjordabladet snakkar med Rotevatn på telefon rett før klokka 15 tysdag, er han på veg til sentralstyremøte i Venstre.

– Eg er på veg til Venstres Hus akkurat no, ja. Det vil nok vare ut over kvelden, seier Rotevatn, som svarar slik på om han er aktuell som minister dersom Venstre blir ein del av ei borgarleg regjering.

– Det kan eg ikkje meine noko om. Slike vurderingar overlet eg til andre, seier Rotevatn, som vil nytte høvet til å takke alle i Eid og Sogn og Fjordane som stemde på Venstre ved valet.