Sveinug Rotevatn er akkurat no inne på utjamningsmandt i Sogn og Fjordane. 
            (Foto: Tormod Flatebø)

Sveinug Rotevatn er akkurat no inne på utjamningsmandt i Sogn og Fjordane. Foto: Tormod Flatebø

Sveinung Rotevatn inne -

Venstre over sperregrensa

Spennande val i Sogn og Fjordane. Utjamingsmandatet vekslar fram og tilbake mellom tre parti. Etter at Venstre klatra over den magiske 4 prosenten, er det Sveinung Rotevatn som har utjamningsmandatet i vårt fylke.

Akkurat no har Venstre greidd å kome over sperregrensa, noko som betyr at Sveinung Rotevatn er inne på utjamningsmandat. Men dette er så jamt at det kan endre seg heile vegen inn.

Tidlegare har SV sin listetopp Vibeke Johnsen hatt utjamningsmandatet, før Kristeleg Folkeparti sin Tore Storehaug hadde mandatet ein kort periode. No er Det Sveinung Rotevatn, som igjen utjamningsmandatet.

- Eg er optimist. Sperregrensa er den store bøygen, greier vi å halde oss på rett side av fire prosent, så har eg ein følelse av at dette skal kunne gå bra, seier Sveinung Rotevatn som ikkje legg skjul på at det er svært spennande.

- Vi har gjort det vi har kunne i valkampen, no er det berre å vente på det endelege resultatet, seier han.