Ap i Eid har vore nede i ein bølgjedal, men ser no ut til å vere på veg oppover her i kommunen.

–    Det er to kommunar i Sogn og Fjordane at Ap går fram. Det er Eid og Gloppen, konstaterer Siri Sandvik (Ap). Ho er kjempegodt fornøgd med resultatet lokalt der partiet går fram med 4,1 prosentpoeng til 14,1 %, men ho er sjølvsagt skuffa over tilbakegangen nasjonalt.

–    Det er eigentleg mykje Høgre-folk i Eid, seier Tore Hjelle (H). Han er godt fornøgd med at partiet går fram i Eid med 4,3 prosentpoeng, og hamnar på 14,8 % her i kommunen.  Det betyr at Høgre i Eid er i ferd med å kome tilbake til sitt meir normale nivå, etter å ha gjort det dårleg ved stortingsvalet i 2013, då val av E39-trase ikkje akkurat var noka vinnarsak for partiet lokalt.

Hjelle peikar på nasjonale trendar som ei viktig forklaring på at Høgre gjer det bra. Og han er godt fornøgd med at partiet ser ut til å få inn sin førstekandidat i Sogn og Fjordane, Frida Melvær.

– Eg håper at også Sveinung kjem inn. Det er kjempeviktig for Eid, seier Hjelle.

Gunvald Ludvigsen (V) er ikkje fornøgd med at Venstre får berre 15,4 % i Eid, ein tilbakegang på 8,2 prosentpoeng sidan førre stortingsval.

– Vi kunne ønska oss meir i Eid. I forhold til det som var standard før, så er det ikkje så verst, men eg hadde trudd at når vi har ein kandidat frå Eid på topp, så burde vi ha vore på 20-talet, seier Ludvigsen, men også han peikar på nasjonale trendar som ikkje går i Venstre sin favør.

Ludvigsen trur at ein del av stemmegjevinga har samanheng med at mange som tenkjer Høgre/Venstre, har konkludert med at dei ikkje kan hjelpe Venstre, men først og fremst må sikre Høgre-mandatet i fylket.

– Men kjem vi over sperregrensa, så er det sjanse for utjamning, påpeikar Venstre-politikaren.