Årsaka til dette er at Eid hadde mange forfall til laurdagens oppgjer på Dingemoen.

– På grunn av mange skadar og suspensjonar ringte eg Fyllingsdalen for å spørje om Vebjørn kunne vere med mot Dale. Dette var greitt både for klubb og spelar, og derfor vart det slik, seier Eid-trenar Dan Jøran Hafsås.

Han understrekar at det ikkje er nokre problem med Høynes sin overgang til Fyllingsdalen.

– Ikkje i det heile tatt. Det er god stemning mellom klubbane. Overgangen var ikkje godkjent, så det var ikkje noko i vegen for at Vebjørn tok ein ekstra kamp for Eid, seier Hafsås, som understrekar at Høynes sin overgang til Fyllingsdalen no er i orden.

Viktig bortesiger

Adrian Hagen Henden sørga for at sluttresultatet på Dingemoen vart 0-1, og at Eid tok tre svært viktige poeng med seg heim.

– Vi dominerte stort i første omgang, og burde scora tre-fire mål. Då var vi veldig gode. Etter pause var vi upresise i pasningsspelet, og gjorde det unødvendig spennande. Vi må jobbe meir med å bli betre i dei avgjerande offensive situasjonane. Spesielt i tette kampar vil dette vere viktig framover, seier Dan Jøran Hafsås.

Tynn tropp

Eid reiste til Dale med berre tre innbyttarar, éin av dei trenaren sjølv.

– Eg spelte ikkje, ler Hafsås, som understrekar kor viktig det var at ein fekk med seg Vebjørn Høynes til ein siste kamp.

– No får vi tilbake fleire spelarar til heimekampen mot Høyang komande laurdag. Samstundes mister vi Vebjørn og Artur Melikyan, som reiser tilbake til Armenia etter at han no har fullført året som volontør i Eid kommune. Elles er det usikkert om Simen Lefdal blir med mot Høyang, så det kan bli fleire endringar, seier Hafsås.