Dette gjorde midtbanespelaren kort tid etter sist laurdags heimesiger mot Stryn. Høynes studerer no i Bergen, og har trena med Fyllingsdalen dei siste tre vekene. Han går til ein klubb som ligg på 4. plass i Norsk Tipping-ligaen avdeling 4 (3. divisjon), altså eitt nivå høgare enn Eid.

– Vi hadde ein muntleg avtale om at Vebjørn skulle trene med Fyllingsdalen, og fullføre sesongen med Eid. Når Fyllingsdalen no ønskjer ein kjapp overgang, vil vi ikkje stikke kjeppar i hjula. At Vebjørn har gjort det såpass bra, ser vi berre positivt på. Han vil ganske kjapt vere aktuell for førsteellevaren til Fyllingsdalen. Då kan ikkje vi som klubb bremse for ein spelar som har lyst til å ta eit steg vidare, seier Eid-trenar Dan Jøran Hafsås.

Mange endringar

For kort tid sidan vart det klart at Marius Henriksen returnerte til moderklubben Skavøypoll.

– Med Vebjørn sin overgang til Fyllingsdalen, og at Simen Lefdal har vore mykje plaga med skader, manglar vi snart ei halv midtbane. Det betyr at andre spelarar får sjansen til å spele seg inn på laget. At spelarar går til andre klubbar når dei flyttar frå bygda, er ein normal situasjon som ein klubb som Eid skal kunne takle veldig bra. Eg er slett ikkje bekymra, seier Hafsås.

Han understrekar at Simen og Kristian Lefdal, som begge bur i Bergen, kjem til å fullføre sesongen for Eid.

– Når det gjeld Vebjørn vil eg understreke at det aldri er kjekt å miste ein av dei beste spelarane på laget. Uansett er det dette som er realiteten, og at andre no får sjansen vil kunne vere positivt i forhold til neste sesong, meiner Hafsås.

Komande laurdag spelar Eid bortekamp mot Dale på Dingemoen. I tillegg til Vebjørn Høynes er Daniel Haus og Sebastian Grøttå suspenderte på grunn av gule kort.

– I tillegg er eit par spelarar usikre på grunn av småskadar og jobbsituasjon. Sjølv om vi ligg langt føre Dale på tabellen, kan det bli ein tøff kamp, trur Eid-trenaren.

Todelt tabell

Etter 16 serierundar er det eit klart skilje mellom øvre og nedre halvdel på tabellen i 4. divisjon. Det er heile ni poeng mellom Vik på 6. plass og Dale på 7. plass.

– Med siger mot Dale har vi på mange måtar kvitta oss med nedre halvdel. Det satsar vi på å klare, seier Dan Jøran Hafsås.

Eid-trenar Dan Jøran Hafsås ønskjer Vebjørn Høynes lykke til i ny klubb. Her i sekunda etter kampslutt i heimesigeren mot Stryn sist laurdag. Foto: Yngve Tolaas