I brevet ber Nordfjordrådet Helse Førde orientere om status for tilboda ved Nordfjord sjukehus, sett opp mot strukturen som er lagt for sjukehuset i planen for «Framtidas lokalsjukehus».

–Nordfjordrådet er kjent med at fleire av dei planlagde polikliniske tilboda enno ikkje er på plass, og at det for tida ikkje er stabil poliklinisk aktivitet ved sjukehuset innan viktige tilbod til befolkninga som inntil nyleg har vore i drift, slik som revmatologi og nevrologi. Vi merkar oss også at det er på gang ein prosess med innsparingar i Helse Førde, grunna planlagt omfattande utbygging ved Sentralsjukehuset i Førde. Vi legg til grunn at dette ikkje vil ha konsekvensar i form av kutt av tilbod og aktivitet ved Nordfjord sjukehus, og vil gjerne ha informasjon frå styret om denne prosessen vidare, heiter det i brevet frå Leidulf Gloppestad, leiar i Nordfjordrådet og ordførar i Gloppen.

Aktiv medspelar

–Vi har frå Nordfjord-kommunane si side vore ein aktiv medspelar i utviklinga av Nordfjord sjukehus som ein framtidig modell for framtidas lokalsjukehus. Dersom innhaldet i sjukehuset no vert bygd ned og utvatna, er det alvorleg for folk i Nordfjord, men også for truverdet Helse Førde og Helse Vest har bygd opp for å lukkast med fornying av lokalsjukehusa si form og innhald, heiter det til slutt i brevet.

Styremøte komande tysdag

Styret i Helse Førde har møte på Nordfjord sjukehus komande tysdag. I saksdokumenta er innsparing eitt viktig tema.

«Dersom Helse Førde skal evne å gjennomføre planlagde investeringar må personal-/driftskostnadane reduserast. Dette må gjerast med omsyn til kva tenester føretaket skal levere i framtida, og kva område som er prioriterte og må skjermast. Det vil bli naudsynt med ei omstilling. Føretaket må redusere der etterspurnad/aktivitet går ned (t.d. døgnopphald i somatikken), for å kunne drive betre på område som veks (t.d. poliklinikk og dagbehandling). Ein må også forsøke å skjerme særleg prioriterte område,  som veks psykisk helsevern/rustenestene, men også tiltak innan somatikken og stab og støtte (forsking og utdanning) i det pågåande arbeidet», skriv administrerande direktør i saksunderlaget til styremøtet.

Lokalsjukehusa

Når det gjeld lokalsjukehusa, skriv administrerande direktør: «Nordfjord og Lærdal sjukehus er også pålagt å finne tiltak for å kutte kostnader. Ved Lærdal sjkuehus vil det bli sett i gang eit utviklingsarbeid som også må omfatte vurderte innsparingstiltak. Det er per no for tidleg å talfeste resultatet av dette arbeidet», heiter det i saksunderlaget.

45 millionar under budsjett 2017

Samla økonomisk prognose for dei fire klinikkane i Helse Førde ved utgangen av august er om lag 45 millionar dålegare enn budsjett, som la opp til 15 millionar kroner i pluss.

Tilbod ved Nordfjord sjukehus i dag:

Dagtilbod

• Eldremedisinsk poliklinikk – tverrfagleg

• Hjarterehabilitering – tverrfagleg

• Dialyse

• Infusjon (medikamentell kreftbehandling. m.m.)

• KOLS-skule

• Læring og meistring

• Dagkirurgi

Døgntilbod

• God start – barseltilbod og følgjetenester

• Indremedisinsk døgntilbod

• Øyeblikkelig hjelp-tilbod

• Akuttberedskap med anestesilege

• Kardiologi (hjartesjukdomar)

• Infeksjonar

• Lungesjukdomar

• Mage- tarmsjukdomar

• Generell indremedisin

• Blodsjukdomar

• Geriatri/eldremedisin, akutt funksjonssvikt

• Palliasjon

• Akutte lette til moderate forgiftingar

• Akutt hjerneslag – inklusive system for teleslag

Polikliniske tenester

• Gastroenterologi

• Kardiologi

• Diabetes

• Generell indremedisin

• Nevrologi – ambulering - nytt

• Revmatologi – ambulering - nytt

• ØNH – ambulering + audiograf lokalt - nytt

• Auge – avtalespesialist - nytt

• Gynekologi - ambulering

• Fødepoliklinikk - ambulering

• Barn – ambulering

• Hudsjukdomar – ambulering + telemedisin

• Ortopedi

• Skadepoliklinikk

Psykisk helsevern og rusbehandling

• Dagbehandling

• Døgnbehandling

• Akuttilbod ved DPS – ambulant team – samhandlingstilbod - nytt

• Ruspost – fylkesdekkande døgntilbod - nytt

• BUP

Interkommunale tilbod

• Legevakt 16-08 / 00-24

• Legevaktstelefon 24/7

• KAD 24/7