– Å score mål er det aller beste, kjem det unisont frå eidagutane på sju og åtte år.

– Det blir lett mot stryningane. 5–0 kjem vi til å vinne. 10–0 kan fort skje, seier ein optimistisk Sander. Gutane trenar to gongar i veka, og er alle einige i at det er Manchester United som er det aller beste fotballaget. Dei vil i alle fall ikkje høyre snakk om Liverpool.

Også gjengen med sju og åtteåringar frå Heia synest det er stas med mange mål.

– Men det viktigaste er å ha det kjekt, fastslår dei.

Kjekt: – Fint å score mål, men det beste med fotball er å ha det kjekt, synest denne gjengen med sju- og åtteåringar frå Heia IL. Foto: Privat
– Fotball er aller best, synest denne gjengen med 7- og 8-åringar frå Eid IL. Foto: Privat
Ivrig: Jentene gav alt i kampen om ballen. Foto: Privat
JUBEL: Denne gjengen med jenter på 5 og 6 år frå Eid IL storkoste seg på miniputturnering i Stryn. Foto: Privat
Ballkontroll: Spelarar frå Eid og Stryn hadde mange taklingar søndag. Foto: Privat
Tøffe tak: Det blir gjerne tøffe tak når Stryn og Eid møtast på bana. Foto: Privat