Det er Eid jenter 15 år som står bak turneringa. Her skal seks lag i klasse jenter 15 år delta. Laga er Eid, Ørsta, Jotun, Volda, Florø og Stryn.

– Vi kunne tatt imot mange fleire lag, men vi har prioritert å ha ei god turnering med full kamplengde, seier Rolf Lefdal.

Kampens beste spelar

I kvar av kampane vil ein jury dele ut premie til kampens beste spelar.

– Juryen vil bestå av representantar frå laga som ikkje spelar kampen. Vi har fått sponsa blomsterbukettar av Hildenes Gartneri til kvar kamp, fortel Ida Midthjell.

Det vil først bli innleiande rundar med to grupper på tre lag. Vinnarane av dei to gruppene vil møtest i finale. Toara ne skal spele bronsefinale, medan trearane skal spele om femteplassen.

– Vi synest det er viktig å få i gang sesongen, då det skjer lite i august. I turneringa er det seks gode lag, og det er berre lokale dommarar. Alt arbeidet blir gjort av spelarar, trenarar og føresette på dugnad, fortel Ida Midthjell og Rolf Lefdal.