Her har det vore mykje att og fram.

Først vart det sett opp skilt som viste maks 32 tonn totalvekt og makslengde på 12 meter, men så vart det sagt at det var feil. Nye skilt kom opp som viste maks 20 tonn totalvekt og 12 meter lengde. Dette viste seg å vere endå meir feil, og desse blir dekt til.

Ifølgje veglistene er bruksklassa på fv.633 8 – 32 tonn, det vil seie at det skal stå 32 tonn totalvekt og 8 tonn akseltrykk,  12,4 meter er makslengde på køyretøy.

Statens vegvesen opplyser at det i denne bestillinga dessverre har skjedd ei misforståing.

Dette vil bli retta opp så snart som mogleg. Inn til vidare vil skilte verte dekka til, og det er veglistene som avgjer kor store køyretøy som kan køyre på vegen og ikkje.

Desse skilta vart først sett opp.