- Me er nøgde med talet tilbod me fekk inn, og no skal tilboda kontrollreknast og dokumentasjon sjekkast. Me har tru på oppstart i slutten av september, og det er muleg at tunneldrivinga kan starte i oktober, seier prosjektleiar Jon Harald Huseklepp i Statens vegvesen.Han var torsdag med på tilbodsopninga på regionvegkontoret i Leikanger, saman med byggjeleiar Geir Magne Tyssebotn og representantar frå eit par av entreprenørselskapa. Då alle dei seks pakkane var opna, stod Lemminkäinen Norge AS igjen med det rimelegaste tilbodet.

Lista over tilbod (eksl. mva.):

Lemminkäinen Norge AS, Oslo 61.979.790,86 krFlage Maskin AS, Voss 65.804.311,39 krKruse Smith Entreprenør AS, Stavanger 68.572.487,00 krAldesa Construcciones SA, Spania 76.679.705,99 krStrabag AG, Austerrike 83.614.657,07 krLeonhard Nilsen & Sønner AS, Risøyhamn 85.933.837,72 kr

570 meter tunnel

Kontrakten omfattar bygging av 570 meter tunnel med 5,5 meters breidde og ei møtenisje på 8,5 meters breidde. Det skal byggast 300 meter veg i dagen, 26 meter portal, teknisk bygg for tunnel og gamalt rasoverbygg på eksisterande veg skal rivast.

Tunnelen går forbi den mest skredutsette strekninga mellom Halsen og Gatteneset, på veg til Honningsvågen. Det er også regulert eit massedeponi ved Teigane for bruk og plassering av overskot av massar.

Stad har eit særleg verdifullt landskap, både regionalt og nasjonalt. Aust for Kleiva er det naturtypar av stor verdi. Tiltaka i reguleringsplanen er difor konsekvensutgreidde, i tråd med vedteken planprogram. Det er strenge krav til korleis anlegget skal utførast, for sikre minst muleg synlege naturinngrep etter at veg og tunnel er ferdig.

Prosjektleiar Jon Harald Huseklepp (t.v.) og byggjeleiar Geir Magne Tyssebotn med dei inkomne tilboda på fv. 633 Kleiva.