Folketalet i Eid er pr 1. juli 2017 på 6.100. Det er ny folketalsrekord for Eid: 36 fleire enn ved starten av året, 46 fleire enn for eitt år sidan og 93 fleire enn for to år sidan. Eid har hatt folketalsvekst i 15 av dei 16 siste kvartala, og har så langt i 2017 raskare vekst enn landet samla.

Det syner ny folketalsstatistikk frå Statistisk Sentralbyrå lagt fram i dag. Folketalsauken i Eid i 2. kvartal 2017 kjem både av fødselsoverskot (14) og netto innflytting (3).

- Folketalsveksten i Eid er svært gledeleg, og særs viktig for tenestene til innbyggjarane våre. Vi passerte 6.000 innbyggjarar for nøyaktig to år sidan - eg hadde ærleg talt ikkje trudd at det skulle gå berre to år før vi passerte neste 100 i vekst! Det er også flott å sjå at Nordfjord samla er i vekst - både Eid, Stryn, Vågsøy og Gloppen har no vekst i innbyggjartalet

- For Eid sin del har vi arbeidd svært målmedvite over lang tid for å bli ei meir attraktiv kommune å flytte til. Vi har mellom arbeidd systematisk med sentrumsutvikling til glede for både fastbuande, tilflyttarar og tilreisande, Med planlagde nye store næringssatsingar og pågåande utbygging av bustadfelt og fleire nye leilegheitsprosjekt i kommunen, ligg alt til rette for vidare vekst i åra framover, seier ordførar Alfred Bjørlo (V).