No har han fått tildelingsbrevet frå Riksantikvaren, og Jensen er godt fornøgd.

– Tildelingane ligg vanlegvis på mellom 1 og 1,5 million kroner. Så i år er det spesielt bra. I tillegg får vi ein del tilskot til forskingsprosjekt, som klima i tårnet og ryddingsprosjekt på øya, fortel Jensen.

Snart ferdig

I år er det 11. året Riksantikvaren løyver pengar til ruinprosjektet. Det er 79 anlegg i Norge, og Selja er det som har vore med lengst.

– No begynner vi å nærme oss å kome opp på det nivået at ein berre treng vanlege vedlikehaldsmidlar. Sjølve klosterbygninga og småbygningane vert ferdige når årets arbeidssesong er ferdig i midten av september. Vi brukar kalkmørtel, og må bytte ut og reinse fugene. Det er ein heil vitskap. Frå ein kalkomn i Hyllestad har vi brent kalk sjølv, og denne skal brukast i Hyllestad, Selja og på Nidarosdomen. Det er litt artig, og så er det spesielt at det er gjort i eige fylke, synest Jensen. Han rosar interessa og fagmiljø som ein har hatt rundt Selja kloster.

– Eg føler meg privilegert å få vere med, det er eit stort ansvar på Statens kostnad, seier han.

Nærme

No står trappa opp til Sunnivakyrkja for tur. Den fekk ein også 100.000 kroner i verdiskapingsmidlar til, og målet er å ta heile biten.

– Tilgjengelegheita er viktig. Det er unikt at klosteret og helgenanlegget er så nærme kvarandre, at ein kan gå rett opp frå klosteret, og opp i hola og Sunnivakyrkja, seier han.

No ventar dei at det kan dukka opp interessant arkeologi.

– Vi skal ha arkeolog som skal vere med undervegs på trappeprosjektet, og vi reknar med at det kan dukke opp ting vi ikkje har vore klar over tidlegare. Det har ikkje vore gjort noko der ved trappa sidan 30-talet, seier han.

Spesielt

Sjølve klostertårnet var ferdig restaurert i 2012.

– Det er litt spesielt i år at vi blir ferdig med alt nede på sletta, i sjølve klosterområdet, og går oppover mot hola og Sunnivakyrkja, fortel han.

Sunnivahola er det viktigaste pilegrimsmålet for Vestlandet.

Prosjektleiar Bjørn Jensen synest det er spesielt å få vere med å ta vare på Selja kloster og helgenanlegg. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes
Riksantikvaren løyver 1,8 millionar kroner til Selja kloster og helgenanlegg, noko som er ei uvanleg stor støtte. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes