Heile 28 av dei 30 elevane som har fått plass på Vg1. Studiespesialiserande er jenter.

– Det er eit veldig høgt karaktersnitt. For å kome inn på Vg1 Studiespesialiserande på Eid vgs. måtte du i år ha frå 4,5 og oppover i snittkarakter. Det blir nok veldig kjekt for dei to gutane som får vere saman med så mange jenter. Dei blir nok veldig attraktive, ler rektor Ove Bjørlo.

På ungdomsskulen er tendensen at jentene scorar høgast karaktermessig. Bjørlo fortel at det er ein del jenter som går ut av 10. klasse på Eid ungdomsskule med 6 i snitt. Han er uroa for det sterke presset om å prestere, at ein del ungdommar ikkje er fornøgde utan at dei har topp resultat, og at dette i somme tilfelle kan gå utover å bruke tid på sosiale aktivitetar og gjere erfaringar på andre område i livet. Bjørlo legg vekt på at det er viktig at ikkje alt skal handle om å få gode karakterar. Ein må forhalde seg til anna enn faget sitt. Det må dei også når ein blir student og seinare i arbeidslivet.

– Ungdommane må også ha eit liv utanom, ikkje berre ha fokus på skule, understrekar han.

– Er lærarane på EUS for snille når det gjeld å gi jentene gode karakterar?

– No skal eg ikkje meine for mykje, men eg kan synse litt. Eg trur at gutane ikkje er så tidleg skulemodne som jentene, men at dette jamnar seg meir ut på vidaregåande. Kan hende møter jentene ein tøffare kvardag då.

– Som rektor har du vore flink til å framsnakke yrkesfag? Har studiespesialiserande på Eid vgs. fått for lite merksemd?

– Eg trur ikkje det. Min kjepphest er at det alltid må ligge eit yrke i bakkant. Studiespesialiserande er førebuande til vidare studiar. Dersom du går på skule utan mål og meining, kan det vere vanskeleg å motivere seg. I løpet av første året bør ein pense seg litt inn på kvar ein vil vidare. Der er vi kanskje som skule for dårlege til å vise dei mogelegheitene, næringslivet sine behov eller kva dei sjølve kan starte med, seier Bjørlo. Det kan vere vanskeleg å få ønska jobb ut ifrå utdanning i distrikta, og gründer og entreprenørskap, også knytt opp mot høgare utdanning, er noko som ligg rektoren sitt hjarte nær.

Studiespesialisering i fokus

Ove Bjørlo opplyser at det i oktober skal vere samling for alle rådgjevarane på dei vidaregåande skulane og ungdomsskulane i Nordfjord der studiespesialisering er i fokus. Der vil rådgjevarane mellom anna få input om kva bransjane treng av folk med høgskule- og universitetsbakgrunn.

I februar var det tilsvarande samling der fagarbeidarnivået var på dagsordenen.

Det er flest jenter som søkjer på studiespesialiserande, og det er både gutar og jenter som ikkje har fått plass på Eid vgs. Det er poenga som styrer.

Mor påverkar mest

– Forsking viser at skulerådgjevaren sine råd ikkje er det som tel mest når dei unge skal velje i kva retning dei vil utdanne seg. Dei unge høyrer heller ikkje så mykje på far. Det er mor som har desidert sterkast påverknad på utdannings- og yrkesval, saman med påverknad frå venner og veninner, opplyser rektor Ove Bjørlo.

– Bør dei unge følgje hjartet sitt i val av utdanning?

– Ja, det gir best motivasjon. Går dei på noko som dei ikkje er interessert i, vil det bli tungt å fullføre. Om dei seinare vil velje noko anna er det i dag gode mogelegheiter for det.

20 færre elevar

Det er i år 360 elevar på Eid vgs., mot 380 i fjor. Sjølv om Eid og Selje no har inngått ekteskap, er det ikkje merkbart fleire elevar frå Selje i år enn tidlegare. Det er om lag 80 tilsette på Eid vgs., same tal som før.