Namn: Daniel Haus

Alder: 19 år

Bustad: Nordfjordeid

Sivilstand: Singel

Kjæledyr: Katten Minni

Yrke: Sommarjobb i NorDrikk

Kva har du gjort i sommar?

– Eg har først og fremst spelt masse fotball. Elles har eg vore heime og slappa av. Og så har eg sjølvsagt jobba masse. Eg har sommarjobb i NorDrikk. Der driv eg med eksponering av varer, altså at eg plasserer varer frå lageret i butikkar ut i hyllene.

Kva er ditt beste sommarminne?

– Det må vere frå fjoråret. Då reiste vi med Eid G 19 til Spania og Costa Blanca Cup. Det var veldig kjekt å reise med gjengen eg har vakse opp med, og vi fekk møte andre lag enn vi vanlegvis gjer. Vi rauk ut i semifinalen, og då tok vi oss ein fest. Elles vart det både shopping og turar på stranda.

Favorittmat om sommaren, og kven lagar den?

– Den store favoritten er utan tvil pappa sine fajitas med kylling, paprika, løk og mais. Det er som taco, men utan kjøttdeig.

Har du nokre hobbyar, og kva betyr dei for deg?

– Fotball, heilt klart! Fotball betyr utruleg mykje for meg. Det er noko eg alltid har levd med. Eg har vakse opp i ein fotballfamilie, der Manchester United er det store laget. Elles spelar eg mykje FIFA og Football Manager. I følgje pappa snakkar eg om fotball i søvne.

Korleis er det å spele for ein breiddeklubb som Eid, og halde med ein kjøpeklubb som Manchester United?

– He-he. Eg trur no Eid hadde hatt godt av meir pengar. Nei, det er kjekt å vere i Eid slik det er i dag. Elles er jo dei to Manchester-klubbane kanskje dei to største kjøpeklubbane i verda. Ikkje sånn som Tottenham. Det er ein bra klubb som får opp mange gode spelarar.

Kva er du flink til, og kva er du dårleg til?

– Eg er flink til å spele fotball, og eg er flink til å jobbe. Eg gjer alltid det eg får beskjed om, utanom når eg er heime. Det eg ikkje er flink til er å stå opp om morgonen. Eg må masast på for å stå opp. I dag tidleg forsov eg meg med ein time, men eg klarte å møte opp då eg skulle likevel.

Beskriv deg sjølv med tre ord.

– Hyggeleg, smilande og trøtt.

Noko du engasjerer deg for?

– Eidafotballen! Den er det viktig å halde i gang. No er eg instruktør på Tine Fotballskule, og det er eit flott tiltak. Det er stort for ungane når spelarar frå Sogndal kjem på besøk, og dei får signerte fotballkort.

Kven, eller kva, ville du tatt med deg til ei aude øy?

– Ein båt! Nei, det må vere ein fotball og ei fiskestang. Det kunne vore fint med litt fred.

Kva ville du gjort om du vart lottomillionær?

– Det spørs kor mange millionar det var snakk om.

La oss seie ti millionar.

– Då ville eg gjeve litt til Eid Fotball, faktisk. Eg ville nok også donert noko til andre gode føremål, som til dømes Redd Barna og Kreftforeininga. Familien ville også fått ein god del av pengane. Elles ville eg nok kjøpt meg ein bil, aller helst ein Mercedes AMG 63. Det hadde også vore fantastisk å ta eit friår i Manchester og gått på kampane. Eventuelt i Spania med sesongkort på Santiago Bernabeu eller Camp Nou.

Kven vil du gje ein blome eller merksemd til?

– Eg veit ikkje heilt. Kanskje Laffen (Lars Olav Holmøyvik). Han stiller opp og hjelper til mykje. Elles er jo pappa alltid hjelpsam. Han kom akkurat heim frå Danmark, etter å ha vore sjåfør for Eid symjeklubb til deira treningsleir.

Kva synest du om at Eid skal bli til Stad kommune?

– Eg har litt problem med å skjøne poenget. Skal Holmøyane bli indre Stad kommune? Nei, eg har nok inga sterk meining om denne saka. Viss fleirtalet vil ha det slik, er det heilt greitt for meg.

Kva er den beste sommarlåten i 2017?

– Kva som har kome ut i sommar av musikk har eg ikkje peiling på. Men den låten eg likar best akkurat no er Solskinnsdag med Postgirobygget.