Eid kommune har kome med ei sterk oppmoding om at gang- og sykkelveg langs Rv15 på Stårheim må bli lagt inn i Handlingsprogrammet for NTP for første fireårsperiode (2018-21).

Eid-ordførar Alfred Bjørlo og kommunalsjef Elin Leikanger har sendt skriv til Statens vegvesen Region Vest der dei ber om eit snarleg møte for å drøfte kva som kan gjerast på kort og lang sikt for å gi trygg veg for mjuke trafikantar på Stårheim. Kommunen inviterer til samarbeid om rask start av planprosess for utbygging av gang- og sykkelveg langs Rv15 på Stårheim.

Står på topp

I brevet syner Bjørlo og Leikanger til tidlegare møte og innspel frå Eid kommune om dei farlege trafikktilhøva for gåande og syklande langs Rv15 på Stårheim, og der det er gjort greie for at gang- og sykkelveg langs denne vegstrekninga står på topp i Eid kommune sine prioriteringar når det gjeld programtiltak innanfor trafikktryggleik/ gang og sykkel på riksvegnettet i kommunen. Dei er også opptekne av å få til straksløysingar som gjer det tryggare for mjuke trafikantar på strekninga, som er skuleveg for mange barn og unge.

Aukande elevtal

Stårheim er no er den einaste barneskulen i Eid der skulevegen langs riksveg ikkje er lagt til rette for sykkel og gange, og elevtalet ved Stårheim skule er aukande. På skulen er det 63 elevar ved skulestart i år, med flest elevar i dei yngste årstrinna.

Bjørlo og Leikanger viser til at rammene til tiltak for gang og sykkel auka juni i år då Stortinget vedtok ny Nasjonal Transportplan. Her vart det særleg lagt vekt på å prioritere trygge skulevegar.

RASK START: Kommunalsjef Elin Leikanger og Eid-ordførar Alfred Bjørlo inviterer til samarbeid om rask oppstart. Foto: Arkiv