Ei oversikt frå ekspedisjonskontoret på Stortinget som handterer spørsmål frå representantane syner at Liv Signe Navarsete (Sp) er den mest aktive representanten frå Sogn og Fjordane når det kjem til ulike typar spørsmål i den siste fireårsperioden. Navarsete har til saman sendt 142 spørsmål, enten som skriftleg, interpellasjon eller spørjetimespørsmål.

Navarsete er med det ein av dei mest aktive representantane på heile Stortinget.

– Eg ser det som mi plikt å ta opp innspel og spørsmål med regjeringa både i nasjonale saker, men spesielt dei som gjeld for Sogn og Fjordane. Eg får mange innspel frå innbyggjarane i heimfylket og det å kunne stille direkte spørsmål til statsrådane er ein god måte å få merksemd om saka, seier Navarsete.

Totalt sett kjem Senterpartiet svært godt ut på denne lista. Av dei ti mest spørjelystne stortingsrepresentantane er fire av dei frå Senterpartiet.

– Den blåblå-regjeringa og støttepartia har ført ein sentraliserande politikk dei siste fire  åra, då er det ikkje rart vi i Senterpartiet reagerer og stiller spørsmål, seier Navarsete.