Sommaren har dei mellom anna brukt til å samle flasker. Interessa kom då dei forstod at det blir mykje pengar ut av panteflasker.

– Vi har gjort det ein-to gongar tidlegare. Dei fekk blod på tann i sommarferien, då vi var ei veke på Refviksanden. Her oppdaga dei mykje tomflasker, og dei gjekk også og bad folk om å drikke fort opp så dei kunne få flaskene. Dei har forstått at her er det pengar å hente, smiler pappa Bjørn Tore.

Fiskeutstyr og ATV

Planane er klare for kva pengane frå tomflaskene skal brukast til.

– Du sparer no til firehjuling, fastslår Håkon til storebror. Han sjølv har lyst på krabbeteine og fiskeutstyr.

– Vi treng også rundt garn som vi kastar ut, fortel dei.

Begge har forstått at det skal ein del panteflasker til for å få nok pengar.

Frå bilen løftar dei fem tunge bossekkar med tomteflasker. Panteautomaten på Rema 1000 står klar og ventar, og dei går raskt til verks. Mange flasker skal gjennom automaten før dei kan gå med pantelappane til kassa og få pengane i handa.

Sparebøssa ligg klar i bilen, og turen var kort opp til banken for å sette pengane på bok til dei har nok.

Fin hobby

– Wow, så mange flasker, gliser brørne, og veit det betyr mange pengar.

– Det begynte med litt vedsal heime, og dei forstod at ein kan tene pengar. Det er viktig at dei får smaken på pengar, meiner pappa.

– Det er ein fin hobby, samtidig som dei gjer noko fornuftig, fastslår han.

Av og til fortel han gutane om tippoldefaren deira som levde under gamlekrigen.

– Om han tente 50 øre på noko, så gjorde han det, i staden for å berre sitte i ein stol. Det er ein god lærdom for dei å få med seg, meiner han.

For brørne Håkon og Magnus vart det ein solid sum pengar for fem bossekkar med tomflasker. Dei vart 650 kroner rikare denne dagen.

Når de gjeld total mengde pant, er det Rema 1000 på Nordfjordeid som i fleire år har trona øvst i Sogn og Fjordane. I fjor fann meir enn 750.000 flasker og boksar vegen til panteautomaten i butikken til kjøpmann Einar Hildenes.

TUNGT: På veg til panteautomaten er fem bossekkar med panteflasker store og tunge å bere for Håkon og Magnus. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes